Hopp til innhold

Har redda 204 båtmigrantar: – Fleire kyssar dekket i rein lette

Leger uten grenser og den frivillige organisasjonen Sea-Watch har dei tre siste dagane redda 204 båtmigrantar i Middelhavet. Trygve Thorson etterlyser no tiltak frå europeiske land.

Ein liten gut blir løfta til redningsbåten frå ein mann til ein annan.

I TRYGGE HENDER: Både store og små har blitt redda dei seinaste dagane.

Foto: Leger uten grenser

Middelhavet har blitt verdas mest dødelege migrasjonsrute. Ifølge tal frå Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) har 353 menneske mista livet så langt i 2020.

Likevel er det svært få redningsfartøy i området. Ingen europeiske land driv naudhjelp i området.

Derfor er båtmigrantane avhengige av ikkje-statlege organisasjonar om dei får behov for hjelp.

– Han sat framfor meg og gret

Båtmigrantane blir frakta i gummibåtar, som ofte er av dårleg kvalitet. I dag måtte redningsbåten Sea-Watch 4 redde 100 personar i ein slik båt. Det gjer ferda veldig risikofylt.

– På det sentrale Middelhavet er dei nesten ikkje sjødyktige, seier Trygve Thorson. Han er humanitær-rådgjevar i Leger utan grenser.

Båtmigrantar sit framleis i gummibåten og venter på hjelp.

100 redda: 100 personar blei redda i dagens aksjon. Redningsvestane har dei fått av redningsmannskapet.

Foto: Leger uten grenser

Thorson har sjølv vore med på redningsaksjonar i Middelhavet. Seinast i oktober i fjor. Det han opplevde der har sett djupe spor i han.

– Det er møta med dei me reddar som er det sterkaste for meg, og historiene gir eit ekstra sterkt inntrykk når ein blir kjend med dei som enkeltmenneske, fortel han.

Akkurat det er viktig for han. For han ser ikkje på jobben som gjort så fort han har fått dei trygt om bord på redningsbåten. Thorson bruker mykje tid på å snakke med migrantane på båten. Nokre skjebnar hugsar han spesielt godt.

Trygve Thorson sit på ein redningsbåt i Middelhavet. Han sit og snakkar med ein av båtmigrantane.

STERKE MØTE: Trygve Thorson er humanitær-rådgjevar i Leger uten grenser. Han har tidlegare vore med på redningsaksjonar i Middelhavet. Han tek seg alltid tid til å høyre historiene til flyktningane.

Foto: Leger Uten Grenser

– Eg prata med ein mann frå Nigeria. Han hadde blitt skoten i skuldra i Libya og kompisen hans hadde fått han i sikkerheit.

Thorson bruker litt tid, og over telefonen kan eg høyre han svelge før han fortset:

– Kompisen hans hadde sjølv blitt skoten seinare, og da han fortalde om tapet av bestekompisen så sat han framfor meg og gråt. Sjølv om me ikkje kjente kvarandre i det heile tatt, så deler eg sorga hans, seier Thorson.

Ifølge Thorson så er flyktningane klare over at det er ei livsfarleg reise. Derfor er letta stor når dei blir redda av redningsbåten.

Eg har sett folk som dett saman og kyssar dekket i rein lette, seier han.

– Libya er eit land i krig og kaos

Men kvifor vel dei å sette seg i ein slik gummibåt, viss dei veit at sjansen er stor for at dei ikkje kjem til overleve?

Ifølge Thorson så er det fordi det livet dei har i Libya er heilt forferdeleg.

– Eg har snakka med menn som har sett kvinner dei kjenner bli valdtekne framfor dei. Ein måtte sjå søstera si bli valdteken og drepen. Han blei sjølv torturert og pressa for pengar. I fjor vart eit interneringssenter bomba. I år var det nokon som blei skotne rett etter at dei blei sett i land av den libyske kystvakta. Libya er eit land i krig og kaos og eit land der immigrantar spesielt har blitt utnytta, og rett og slett blitt kjøpte og selde dei siste åra, seier Thorson.

Ein båtmigrant blir skylt med ein vatnslange etter å ha kome om bord på redningsbåten. Årsaka er at han var dekt i saltvatn og drivstoff.

FRÅ DAGENS REDNING: Mange av dei rundt 100 overlevande var sterkt nedkjølte, desorienterte og måtte bli dusja for å bli kvitt den etsande blandinga av bensin og saltvatn.

Foto: Leger uten grenser

Sjølv om reisa på havet er livsfarleg, så er det ingen europeiske land som tek oppgåva med naudhjelp i området. Ikkje-statlege redningsbåtar må fylle tomrommet. Det gjer Thorson både sint og trist.

– Det er sjokkerande. Me meiner dei forsømmer pliktene sine. Me meiner det er dei som har ansvaret for det havområdet. Dei har gitt ansvaret til den libyske kystvakta for eit stort område i det sentrale Middelhavet. Men den libyske kystvakta viser gong på gong at dei ikkje er kapable til å koordinere redningsarbeidet, og dei tek med menneska tilbake til Libya, som ikkje er ein trygg stad for dei, fortel Thorson.

Sea-Watch 4 ute på havet i Middelhavet.

SEA-WATCH: På denne båten har 204 båtmigrantar blitt redda dei siste dagane.

Han har tre krav som han meiner må på plass så fort som mogleg.

– Europeiske myndigheiter, inkludert Noreg må slutte å støtte den Libyske kystvakta som tvingar flyktningane tilbake til Libya. Dei må ta ansvaret dei har og sørge for at det er tilstrekkeleg med redningskapasitet på Middelhavet. For det tredje må dei sørge for at når menneske blir redda av ikkje-statlege organisasjonar, så må dei kunne blitt sett på land på ein trygg stad så fort som mogleg.

Kva er konsekvensane viss ikkje dette skjer?

– Det er at fleire vil drukne og at fleire kjem til å bli sende inn i ein vond sirkel i Libya av internering, overgrep og flukt, avsluttar Thorson.

SISTE NYTT

Siste nytt