Hopp til innhold

Iran har pågripe kvinneleg spion frå USA

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ei amerikansk kvinne er arrestert i Iran. Ho skal ha skjult ein mikrofon i tennene, og er mistenkt for å vera spion.

Roxana Saberi

Tidlegare Miss North Dakota og frilansjournalist Roxana Saberi sit fengsla for spionasje i Iran.

Foto: AP
Amerikanske Sarah Shourd er skulda for spionasje

Amerikanske Sarah Shourd var fotturist i Midtausten då ho i juli i fjor vart pågripen og fengsla. Iranske styresmakter meinte ho og reisefølget var spionar.

Foto: Afp

Iranske styresmakter har pågripe ei 55-år gammal amerikansk kvinne som dei mistenkjer er spion, opplyser den statseigde avisa IRAN Farsi.

Kvinna skal ifølgje avisa ha skjult spionutstyr eller ein mikrofon i tennene då ho vart pågripen i grensebyen Nordouz, 600 kilometer nordvest for hovudstaden Teheran.

IRAN Farsi melder at kvinna kom inn i landet over grensa frå nabolandet Armenia utan visum.

Fjerde på to år

I 2009 vart ein amerikansk journalist og tidlegare misse-kandidat dømd til åtte års fengsel for spionasje.

Kvinna som no er pågripen, er den fjerde amerikanaren som er arrestert og skulda for spionasje på mindre enn to år.

I juli blei amerikanarane Sarah Shourd, Josh Fattal og Shane Bauer arresterte og skulda for å ha teke seg inn i landet ulovleg over grensa frå nord-Irak.

USA har avvist påstandane om spionasje, og seier dei tre var uskuldige fotturistar. Sarah Shourd vart sleppt fri i september i fjor. Mannen ho er trulova med,

Shane Bauer og venen Fattal sit framleis fengsla i påvente av ei rettssak

SISTE NYTT

Siste nytt