Hopp til innhold

Har oppdaga ein ekte Da Vinci-kode

Kunsthistorikarar har gjort forbausande funn. Ørsmå tal og bokstavar skjuler seg i augo på det verdskjende Da Vinci-verket «Mona Lisa».

Mona Lisa

«Mona Lisa» full av løyndommar. No har kunstekspertar oppdaga nye gåter i augo til kvinna som er portrettert av den italienske meistermålaren Leonardo Da Vinci (1452-1519).

Foto: V. A. SOLE / Afp

Det løyndomsfulle smilet er det som til no har vekt mest interesse og forundring ved renessansekunstnaren Leonardo Da Vinci sitt mest kjende måleri, portrettet «Mona Lisa» (1503).

No står augo til den portretterte, uidentifiserte kvinna i sentrum for eit eit nytt mysterium. Søndag oppdaga italienske kunsthistorikarar at det skjuler seg knøttsmå bokstavar og nummer bak dei mørkmåla pupillane hennar.

– Ikkje tilfeldig

Dei mystiske kodane skal vera plasserte der av Leonardo Da Vinci sjølv, då han måla portrettet for over fem hundre år sidan. Først no har det vorte mogleg å få auge på kodane, takka vere ny forstørrings-teknologi.

– Symbola er ikkje synlege for det blotte auga, men med eit kraftig forstørringsglas vert dei svært tydelege, seier Silvano Vicenti til avisa The Daily Mail.

Vicenti er president i Italias nasjonale komité for kulturell arv, som står bak den ekstraordinære oppdaginga

I høgre auga kan ein sjå bokstavane LV, som kan vera initialane til kunstnaren bak eit av dei mest kjende måleria i verda.

– I venstre auga er det andre symbol som me framleis ikkje veit kva er. Det ser ut til å vera CE, eller bokstaven B, trur Vicenti.

Frå fiksjon til verkelegheit

Måleriet spelar også ei sentral rolle i «Da Vinci-koden», suksessboka til den amerikanske forfattaren Dan Brown. I 2006 blei boka til film med Hollywood-stjerna Tom Hanks i hovudrolla som symbolforskaren Robert Langdon.

Rollekarakteren tolkar hemmelege beskjedar gøymde i Mona Lisa-måleriet og andre kjende kunstverk av renessanse-meisteren Da Vinci.

– Det er merkeleg at ingen har oppdaga desse symbola tidlegare, seier Vicenti.

Ei nedstøva bok frå ein antikvitetshandel skal ha sett historikarane på sporet av kodane i augo til Mona Lisa.

Vicenti fortel at det også skjuler seg gåtefulle kodar i bogen på brua i bakgrunnen.

– Det kan vera nummeret 72, eller det kan vera bokstaven L og talet 2.

– Vil grava opp Da Vinci

Det er framleis ingen som veit heilt sikkert kven den løyndomsfulle Mona Lisa føresteller. Ein teori er at den gåteglade Da Vinci måla seg sjølv som kvinne, og at måleriet difor er eit sjølvportrett.

Vicenti er ein del av gruppa som har bede franske styresmakter om løyve til å grava opp gravplassen til Da Vinci. Dei vil sjå om hovudskallen hans kan brukast til å rekonstruera andletet, for å finna ut om det kjende måleriet er eit sjølvportrett.

Ein annan kjend teori er at Mona Lisa i verkelegheita var den florentinske adelsdama Lisa Gherardini.

«Mona Lisa» heng til utstilling på Louvre-museet i Paris, Frankrike.

SISTE NYTT

Siste nytt