Hopp til innhold

Har opna «hotline» mellom Nord- og Sør-Korea

Nord- og Sør-Korea har opna ei direkte telefonlinje mellom dei to landa. Målet er å dempe spenninga på den koreanske halvøya.

South Korea Koreas Tensions

Ein sørkoreansk tenestemann snakkar med ein kollega på nordkoreansk side av grensa litt over klokka 15.30 lokal tid.

Foto: null / AP

Det var Nord-Korea som varsla at landet vil opne ein ny kanal for dialog med naboane i sør. Kunngjeringa kom på nordkoreansk TV onsdag, ifølgje styresmaktene i Sør-Korea.

Direktelinja på telefon mellom nord og sør blei nedlagd i februar 2016, men er altså no tatt i bruk igjen. Sambandet er etablert ved grensebyen Panmunjom, og ifølgje styresmaktene i Nord-Korea var det Kim Jong-un som opna kommunikasjonskanalen.

(FILE) NORTH KOREA SOUTH KOREA DIPLOMACY North Korea to restore suspended inter-Korean communication channel

Den direkte kommunikasjonskanalen mellom Nord- og Sør-Korea er opna igjen etter å ha vore stengd i nesten to år.

Foto: YONHAP / Epa

Første samtale klokka 07.30

Linja er allereie testa. Sørkoreanske styresmakter stadfester at det kom ein telefonsamtale frå nord klokka 15.30 lokal tid (07.30 norsk tid).

– Det er svært viktig Nord-Korea har tatt initiativ til å opne den direkte telefonlinja mellom styresmaktene i dei to nabolanda igjen, seier Yoon Young-chan, som er pressetalsmann for den sørkoreanske presidenten.

– Linja vil gjere det mogeleg å ha ein dialog uavhengig av tidspunkt, seier han.

NORTHKOREA-MISSILES/HOTLINE

Ein sørkoreansk soldat på vakt ved grensa mellom Sør- og Nord-Korea i byen Panmunjom.

Foto: Kim Hong-Ji / Reuters

Diplomatiske samtalar

Kunngjeringa om å opne direktelinja kjem dagen etter at Sør-Korea foreslo å starte diplomatiske samtalar «på høgt nivå» med Nord-Korea.

Målet med samtalane skal vere å diskutere forholdet mellom landa og om Nord-Korea skal kunne delta i vinterleikane i Pyeonchang i februar.

North Korea Kim Kim Jong Un

Kim Jong-un og regimet i nord foreslo å opne ei direkte kommunikasjonslinje med nabolandet i sør. Biletet er frå Kim Jong-un sin nyttårstale.

Foto: 朝鮮通信社, ????? / AP

Vi har tatt en nærmere titt på de to nabolandene og konflikten mellom dem.

NRK FORKLARER: Hvorfor er Korea-halvøya delt i to? Reporter Anders Brekke tar deg gjennom 70 års historie på 90 sekunder.

Forsonande nyttårstale

I nyttårstalen sin sa Nord-Korea-leiar Kim Jong-un at han håpar på fredfylte olympiske leikar i Sør-Korea, og han gav uttrykk for eit ønskje om at Nord-Korea skal kunne sende ein delegasjon til leikane.

Kim sa også at han er open for dialog med nabolandet, og at han ønskjer mindre spenning mellom landa.

Forslaget om diplomatiske samtalar kom etter Kim Jong-un sin forsonande nyttårstale. Planen er at utsendingar frå dei to landa skal møtast i Panmunjom 9. januar. Dersom samtalane blir gjennomført, vil dette vere den første formelle dialogen mellom nabolanda sidan desember 2015.

SISTE NYTT

Siste nytt