Har kontroll over flyktningleir

Libanons hær har tatt full kontroll over den palestinske flyktningeleiren Nahr al-Bared, ifølgje ei sikkerheitskjelde.

Røyk over den palestinske flyktningeleiren Nahr el- Bared.

Røyk over den palestinske flyktningeleiren Nahr al- Bared.

Foto: Anonymous / AP

Minst 31 militante islamistar og to libanesiske soldatar vart drepne i kampar ved leiren nord i Libanon.

  VIDEO: HÆREN TOK FLYKTNINGLEIR

Fleire islamistiske opprørarar vart også tekne til fange av den libanesiske hæren då dei forsøkte å flykte frå leiren Nahr al-Bared.

 Opprørarane har forskansa seg i flyktingeleiren, og det har vore kampar der i fleire månader.

Les også: Rykker inn i flyktningleir

Over 300 personar er blitt drepne i kampane sidan 20. mai i år.

Kampane vert omtala som dei mest valdelege indre stridigheitene sidan borgarkrigen i Libanon mellom 1975 og 1990.

Flyktning fra Nahr al-Bared-leiren

Flyktning frå Nahr al-Bared-leiren. Bilete er frå kampar tidlegare i år.

Foto: RAMZI HAIDAR / AFP

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt