Hopp til innhold

Har 80 prosent arbeidsløyse - no skal militæret stramme inn gatesalget

I Zimbabwe veks arbeidsløysa til uante høgder. Mange prøver å tene pengar som gateseljarar, men det er hardt, og hardare skal det bli når militæret no skal stanse dei.

ZIMBABWE-BANKS/ A Zimbabwean fruit vendor waits for customers in front of a closed branch of Allied bank in central Harare

Denne mangoseljaren i Zimbabwes hovudstad Harare må selje mangoane ein annan stad om alle styresmaktene sine ønskjer skal bli følgde.

Foto: PHILIMON BULAWAYO / Reuters

– Me har blitt einige om at alle seljarar må halde seg til stader dei har fått anvist. Dette gjeld alle byar og landsbyar, seier Ignatius Chombo ifølgje The Africa Report.

Han er Zimbabwes minister for lokalpolitikk, offentleg sysselsetting og bustader, og har no sett inn støyten mot den store uformelle sektoren i Zimbabwe.

Zimbabwe Car Clothing Shops

det å starte ein butikk i Zimbabwe treng ikkje vere så vanskeleg, men no vil styresmaktene ha meir kontroll på alle gateseljarane.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / Ap

80 prosent arbeidsløyse

Som i mange andre utviklingsland er det mange gateseljarar i Zimbabwe, fordi tilgangen på vanlege jobbar er minimal.

Arbeidsløysa i Zimbabwe vert estimert til å vere 80 prosent, og har vakse ytterlegare dei siste vekene etter at fleire bedrifter er lagde ned og jobbar har forsvunne.

Unge kvinner og jenter, gjerne med ein baby festa på ryggen, sel frukt blant bilane som køyrer rundt. Vaksne menn tilbyr skopuss eller sel klede i eit skur dei har sett opp langs gata. Det er berre noko av det som er vanleg å sjå i Zimbabwe.

Får ei veke på seg

No vil styresmaktene ha kontroll over den uformelle sektoren, og det er inngått ein avtale med ein general i militæret, som har teke ansvar for å få bort seljarane om dei framleis sel varer i gata når fristen har gått ut om nokre dagar.

Gateseljarane har ei knapp veke på seg før dei skal ha funne seg ein stad innanfor dei anviste områda. Men mange av seljarane meiner at områda som styresmaktene har funne ikkje egnar seg for handel- og næringsverksemd.

No har fagrørsla for handel oppmoda til ein boikott av påbodet, og at alle seljarane bør bli verande i gata. Dermed kan det bli bråk om begge partar held det dei lover.

ZIMBABWE/

Økonomien i Zimbabwe er eit kapittel for seg sjølv. Inflasjonen er så stor, at det å kjøpe seg nokre drops kan koste deg millionar av dollar.

Foto: PHILIMON BULAWAYO / REUTERS

Militæret har også blitt brukt til tvang før

Om militæret tek grep, så er det ikkje første gong dei står saman med styresmaktene og kontrollerer og «ryddar opp» blant folk i Zimbabwe.

ZIMBABWE-POVERTY-SHANTYTOWN-COMBO

Eit satellittbilete viser korleis det var i ein av Harares bydelar før og etter operasjon Murambatsvina, der landets slumområde skulle fjernast med militærmakt.

Foto: - / AFP

I 2005 vart militæret nytta for å gjennomføre ein landsomfattande aksjon som heiter «Murambatsvina». Det betyr «få bort søpla» på norsk, og aksjonen gjekk ut på å flytte 700.000 menneske som budde i slumområde.

Tanken var å stanse ulovleg busetting, ulovleg kommersiell verksemd og å redusere riskoen for sjukdomsspreiing.

Får motstand frå eige hald

Men det er ikkje alle i regjeringa som likar planane til minister Chombo. Både presidentfrua Grace Mugabe og statsminister, og for så vidt også opposisjonsleiar, Morgan Tsvangirai har vore kritiske til planane.

ZIMBABWE-POLITICS-OPPOSITION

Statsminister Morgan Tsvangirai er særs kritisk til minister Ignatius Chombo sine planar om å bruke militæret mot sitt eige folk.

Foto: Zinyange Auntony / Afp

– Hæren må nekte når dei blir brukt som eit middel mot folket i Zimbabwe som vil prøve å skaffe seg ei inntekt på ærleg vis, seier Tsvangirai i ei pressemelding.

I tillegg til stor arbeidsløyse, så er også Zimbabwes økonomi skakkøyrd etter ein overdriven produksjon av valuta og generell dårleg finanspolitikk.

Av dei som har klart å få seg ei utdanning, så er det få som får seg jobb. Og også blant desse er det mange som må ut på gata for å selje dei også.

SISTE NYTT

Siste nytt