NRK Meny
Normal

Håpet kan vere ute for Asia Bibi

Pakistan har varsla at landet igjen vil effektuere dødsstraffa i landet, etter ein pause sidan 2008. Dermed ser det mørkt ut for den kristne samvitsfangen Asia Bibi og 8000 andre dødsdømde i landet.

Salman Taseer og Asia Bibi

Asia Bibi saman med støttespelaren Salman Taseer, som vart seinare vart skoten og drepen.

Foto: HO / Afp

Pakistan har dødsstraff for fleire typar brotsverk, blant anna blasfemi, men dødsstraffa har ikkje vore brukt sidan 2008. I desember i fjor innførte landet dødsstraff på ny i saker som hadde med terror å gjere. Det skjedde etter Taliban-angrepet mot ein skule i Peshawar same månaden, der over 130 born vart drepne.

Asia Bibi

Asia Bibi er dømd til døden etter blasfemiparagrafen. Ho har vore fengsla sidan 2009.

Foto: AP

Tidlegare denne veka opplyste sentrale kjelder i den pakistanske regjeringa til nyheitsbyrået AFP at alle dødsdommar igjen skal fullbyrdast. Ifølgje kjeldene har innanriksdepartementet bede provinsstyresmaktene i landet om snarast fullbyrde dommane til alle dødsdømde som ikkje har fleire ankealternativ.

Nye avrettingar

Dei fleste av dei 8000 dødsdømde i Pakistan har ikkje fleire ankealternativ. 27 personar er avretta sidan november, alle desse var dømde for terrorbrotsverk.

I dag vart to menn, som begge var dømde for valdtekt, hengde i eit fengsel i byen Faisalabad aust i landet. Det er truleg dei første avrettingane av personar som ikkje er dømde etter terrorlovene.

Dødsdommen mot Asia Bibi fall i november 2010, men skuldingane mot henne vart sette fram alt i juni 2009, og ho har vore i fengsel sidan. Ho og familien klamrar seg til eit tynt håp om at pakistansk høgsterett kan gjere om dommen.

Det heile starta medan ho jobba saman med ei gruppe andre kvinner på ein fruktgard i landsbyen der ho budde utanfor Lahore, og ho fekk i oppgåve å hente vatn til seg og dei ho arbeidde saman med.

Mannen og to av døtrene til Asia Bibi.

Ektemannen til Asia Bibi, Ashiq Masih, saman med to av dei tre døtrene deira.

Foto: Arif Ali / Afp

– Vanæring av profeten

Dei fleste kvinnene var muslimar. Nokre av dei skal ha nekta å drikke av vatnet, fordi Asia Bibi, som er kristen, hadde henta det. Dermed var det ureint, meinte dei. Det kom til ein krangel mellom kvinnene, og det enda med at dei andre gjekk til ein lokal imam og sa at Bibi hadde vanæra profeten, Muhammed.

Imamen gjekk vidare til politiet, og politiet gjekk til aksjon for å arrestere henne. Før arrestasjonen prøvde ein rasande mobb å drepe henne, og ho var sterkt forslått då politiet tok hand om henne.

I november 2010 vart Asia Bibi dømd til døden. Dommen var berre basert på vitnemåla til ein del av kvinnene ho arbeidde saman med.

Amnesty International og ei rekkje andre internasjonale humanitære organisasjonar har kjempa med nebb og klør for å blasfemidømde Asia Bibi skal setjast fri, men seinast i fjor haust vart dødsdommen mot henne stadfesta .

Kristent ektepar lynsja av mobb

Kristen firebarnsmor dømd til døden for blasfemi

Kristen firebarnsmor dømd til døden for blasfemi

Frykter hun snart blir drept

Frammarsj for muslimsk ekstremisme

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt