NRK Meny
Normal

Håper det verste er over i Alberta

Kjøligare ver og lett regn i brannområdet gir håp om at den enorme skogbrannen i provinsen Alberta i Canada kan vere i ferd med å stabilisere seg.

Skogbrann i Canada.

Regn og kaldare ver har gitt håp om at det blir mogleg å få kontroll over den enorme skogbrannen i provinsen Alberta i Canada.

Foto: Jonathan Hayward / Ap

Den første inspeksjonen av den evakuerte byen Fort McMurray skjer i løpet av dagen lokal tid. Førsteministeren i provinsen Alberta, Rachel Notley, seier at situasjonen no er slik at ho saman med borgarmeisteren i Fort McMurray, der alle dei 88.000 innbyggjarane er evakuerte, vil inspisere dei brann-herja delane av byen.

– Folk må førebu seg på dramatiske bilete frå brannområdet dei nærmaste dagane. Det er viktig for folk å vite at det blir mogleg å få psykologhjelp, sa Rachel Notley før inspeksjonen i dag.

Mindre spreiing

Rachel Notley er statsminister i Alberta.

Statsminister i provinsen Alberta, Rachel Notley, håper at dei evakuerte snart kan vende tilbake til Fort McMurray.

Foto: Jason Franson / Ap

Notley seier at brannen det siste døgnet har spreidd seg langt mindre enn frykta, og at brannområdet no er på 1600 kvadratkilometer. Laurdag var det stor frykt for at brannen ville fordoble seg i løpet av eit døgn, men dette skjedde ikkje.

Fort McMurray, som ligg midt i det kanadiske oljesand-området, er hardt ramma av brannen. Minst 1600 bustadhus og andre bygningar har brent ned. Gassforsyninga er nede, det same er elektrisitetsforsyninga og drikkevatnet kan ikkje drikkast.

Det er førebels altfor tidleg å seie når dei evakuerte kan flytte tilbake til Fort McMurray, men ei gruppe ekspertar skal undersøkje skadane i løpet av dagen. 250 personar arbeider på spreng for å få opp igjen gass- og elektrisitetsforsyninga.

David Yurdiga, parlamentsmedlem frå Fort McMurray, var inne i byen alt søndag.

Skogbrannen sett frå Den internasjonale romstasjonen.

Røyken frå den enorme skogbrannen i Canada fotografert frå Den internasjonale romstasjonen.

Foto: TIM PEAKE / Afp

– Åtte av ti hus intakte

– Eg var innom nesten alle nabolaga i byen og 80 prosent av heimane har overlevd brannen. I nokre bydelar er det ikkje mogleg å sjå at det har vore brann, sa Yurdiga til journalistar etter besøket i byen.

Talsmann for brannvesenet i Alberta, Chad Morrison, er optimist når det gjeld det vidare sløkkingsarbeidet.

– Dette har gått betre enn vi frykta. Dette er topp verforhold for å sløkkje brann. Eg har god tru på at vi snart har kontroll, seier Morrison.

Det har vore ein svært mild vinter og ein varm vår i det brann-herja området. Skogen i Alberta er knusktørr og har vore eit lett bytte for flammane.

Storbrannen i Canada er en varslet katastrofe

43 skogbranner herjer – 88.000 er evakuert

Redusert oljeproduksjon

Ingen menneske har mist livet som følgje av brannen, men to personar miste livet i ei trafikkulukke som skjedde under evakuering frå Fort McMurray. Brannen starta 1. mai.

Brannen og masseevakueringa har ført til at oljeproduksjonen i Alberta har fått ned med ein tredel, sjølv om dei viktigaste oljesandområda nord for Fort McMurray ikkje er ramma.

Skogbrann fører til store ødeleggelser i Alberta

Skogbrannen kan koste forsikringsselskapene over 56 milliarder kroner

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt