Det nordkoreanske atomprogrammet og økonomisk samarbeid var tema for samtalane mellom den nordkoreanske leiaren Kim Jong-il og Russlands president Dimitrij Medvedev i Sibir.
Ein talsmann for Dimitrij Medvedev seier i føremiddag at Nord-Korea er villig til å forhandle om ein førebels stans i all vidare testing av masseøydeleggingsvåpen og produksjon av atomvåpen.
Talsmannen karakteriserer møtet som ope og innhaldsrikt.
Kim Jong-il er ute på ei sjeldan utanlandsreise, og han kryssa grensa frå Nord-Korea til Russland sist laurdag med det spesialbygde toget sitt, som han alltid nyttar på utanlandsreiser.
Før russlandsturen var han
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Flyskrekk
Det er ei kjent sak at Kim ikkje likar å reise med fly, og derfor går utanlandsreisene hans stort sett berre til nabolanda Kina og Russland. Det er no ni år sidan den nordkoreanske leiaren var i Russland sist.
Møtet med Medvedev fann stad på ein miilitærbase i provinshovudstaden Ulan-Ude, rundt 4420 kilometer frå den russiske hovudstaden. Møtet var ikkje annonsert på førehand, og det er også normal prosedyre når den mytiske leiaren er i utlandet, melder nyheitsbyrået Reuters.
- Takk for den spesielle mottakinga vi har fått. Vi har hatt ein flott tur, sa 69 år gamle Kim Jong-il til den russiske kollegaen sin Dimitrij Medvedev før møtet.
Den nordkoreanske statsleiaren kom til området i går, og då brukte han dagen til båttur på Baikalsjøen. Også i mai var
, og då var det Kina som var reisemålet.Håp om forhandlingar
I ei fråsegn frå Kreml heiter det at det viktigaste målsetjinga med møtet i dag var å få i gang igjen forhandlingane om det nordkoreanske atomprogrammet.
Landet har sendt signal om at dei er klare for nye samtalar, men det er venta at dei vil krevje kompensasjon i form av blant anna matvarehjelp og utvida energisamarbeid.
Sør-Korea, Russland, Kina, Japan og USA har forhandla med Nord-Korea om atomprogrammet i dei såkalla sekslandssamtalane. Den siste runden med forhandlingar var i 2008, då Nord-Korea forlet samtalane.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Flaum og matmangel
Nord-Korea har vore ramma av flaum og matmangel, og det har kome rapportar om svolt i ein del område av det lukka landet.
Kim Jong-il hadde opprinneleg tenkt å vitje Russland i juni i år, men då han avlyste han reisa fordi opplysningar om turen lak ut.
Det har tidlegare vore store spekulasjonar om helsa til den nordkoreanske leiaren, men desse har stilna ein del i det siste. På bileta ser han betre ut enn nokon gong dei siste åra.
LES OGSÅ: