Ariel Sharon skal vere viljug til å møte Ahmed Qurie i neste veke. (Foto: Reuters/Scanpix)
Kjelda opplyser at Israels statsminister Ariel Sharon og den palestinske kollegaen hans Ahmed Qurie, også kjend som Abu Ala, skal møtast neste veke, men at den eksakte datoen ikkje er klar.
Mubarak
Italias utanriksminister Franco Frattini seier også at det er planlagt eit møte mellom Qurie og Sharon neste veke. Han skal ha fått dette stadfesta av Egypts president Hosni Mubarak, som skal vere mannen som har greidd å overtale dei to statsminstrane til å kome saman.
Den israelske avisa Haaretz skriv i dag eit møte mellom dei statsministrane kan skje førstkomande tysdag. Ein dagsorden for møtet skal utarbeidast av medarbeidarar av Sharon og Qurie på eit møte søndag, skriv avisa.
Avlysningar
Det har også fleire gonger tidlegare vore avtalt møte mellom dei to statsministrane, men palestinske sjølvmordsaksjonar inne i Israel har kvar gong ført til at Israel har avlyst møtet.
Ahmed Qurie er på besøk i Noreg. I går møtte han statsminister Kjell Magne Bondevik og utanriksminister Jan Petersen. Han stadfesta då at det blir arbeidd for eit snarleg møte mellom han og Ariel Sharon.
Dersom det blir noko av dette møtet, blir det det første mellom Sharon og Qurie sidan Qurie tok over som palestinsk statsminister etter Mahmoud Abbas i oktober i fjor. Abbas møtte Sharon fleire gonger.
Frå møtet mellom Kjell Magne Bondevik og Ahmed Qurie i Oslo i går. (Scanpix-foto)
Israel braut all kontakt med dei palestinske styresmaktene etter ein sjølvmordsaksjon i Jerusalem med over 20 drepne i august i fjor.
Sjølvmordsaksjonar
Ariel Sharon har fleire gonger sagt at han ikkje vil ha kontakt med dei palestinske styresmaktene, fordi dei ikkje gjer nok for å hindre palestinske sjølvmordsaksjonar mot israelske mål.
Palestinske styresmakter har på si side gjort det klart at dei ikkje ser vitsen med å samarbeide med Israel, så lenge landet held fram med bygginga av den såkalla tryggingsmuren, som dei kallar anekteringsmuren.