Hopp til innhold

Haniyeh uskadd etter åtak

Det vart skote mot bilar i følgjet til den palestinske statsministeren Ismail Haniyeh i dag, men Haniyeh vart ikkje skadd.

Ismail Haniyeh frå Hamas er statsminister i dei palestinske områda.
Foto: KHALIL HAMRA / AP

Ismail Haniyeh hadde akkurat avslutta ein tale i ein moskè i Gaza by og var på veg bort derfrå då det vart løyst skot mot bilkortesjen hans.

Statsministeren kom uskadd frå åtaket, opplyser kjelder i Hamas.

I talen sin sa Haniyeh blant anna at Hamas ikkje kan godta at president Mahmoud Abbas vil oppløyse den Hamas-leidde regjeringa.

 

 

Ein av bilane i kortesjen til Ismail Haniyeh vart sett i brann.
Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Neppe attentat

Mennene som opna eld mot bilkortesjen til Haniyeh blir sagt å vere slektningar til ein palestinar som vart skoten og drepen i eit væpna samanstøyt mellom Hamas og styrkar som er lojale mot president Mahmoud Abbas.

Tenestemenn ved Ismail Haniyeh sitt kontor i Gaza by seier til Reuters at det truleg ikkje var snakk om eit attentat. Bilen til Haniyeh vart ikkje treft av kulene.

Tryggingsvakter skaut tilbake mot angriparane, og det er uklart om nokon vart skadd. Men angriparane greidde å setje fyr på ein av bilane i følgjet til Haniyeh.

Minst 19 menneske er skadde den siste månaden i kampar mellom Hamas-tilhengjarar og medlemer av Fatah.

Vil stanse valdsbruk

Tidlegare i dag vart det meldt at Fatah, partiet til president Mahmoud Abbas, og Hamas vart blitt samde om å stanse valdsbruken mellom gruppene.

Dette skal blant anna skje ved at det blir oppretta ein eigen kommisjon og eit kontor som skal overvake forholdet mellom dei stridande fraksjonane for å hindre valdsbruk.

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas sa i går at han truleg vil oppløyse den noverande regjeringa, og anten utlyse nyval eller ei folkerøysting der han ber folket om råd til korleis kome seg ut av krisa.

Boikott

Årsaka til striden mellom Hamas og Fatah er at Hamas nektar å godkjenne Israel sin rett til å eksistere. Tunge internasjonale aktørar som USA og EU har sett dette som vilkår for å gi hjelp til dei palestinske områda.

Hamas nektar å godta Israel, og ettersom dei palestinske områda er heilt avhengige av internasjonal hjelp, har forholda blitt stadig dårlegare etter at Hamas kom til makta.

Offentleg tilsette, som er det store fleirtalet av dei som er i arbeid, er stadig vekk i streik på grunn av manglande lønnsutbetalingar.

 

Ein bil i kortesjen vart sett fyr på av angriparane.
Foto: SUHAIB SALEM / REUTERS

 

 

 

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt