NRK Meny
Normal

Hånar Russland for visittkort-bevis

Eit visittkort utløyste søndag ordkrig og latter i den bitre striden mellom Ukraina og Russland.

Dmitri Yarosh

Russland blir latterleggjort etter påstandar om at eit visittkort knyter nasjonalistiske ukrainarar til drapsåstaden i Slavjansk Visittkortet tilhøyrer leiaren for den til dels høgreekstreme ukrainske 'Høgresektoren', Dmytro Yarosh (biletet).

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Ein statleg russisk TV-kanal kringkasta søndag bilete av det som blir framstilt som eit bevis for at det var nasjonalistiske krefter som stod bak drapa nær Slavjansk aust i Ukraina søndag morgon: eit visittkort som angiveleg skal ha blitt funne på drapsstaden.

Det raude og svarte visittkortet som russarane hevdar knyter ukrainske nasjonalistar til åstaden, tilhøyrer Dmytro Yarosh.

Den hittil relativt ukjende leiaren av den nasjonalistiske ukrainske «Høgresektoren» har følgeleg fått massiv omtale i både media så vel som sosiale media i løpet av det siste døgnet.

Visittkortet skal nemleg også ha blitt funne inne i eit køyretøy som var fullstendig utbrend etter å ha teke fyr under skotvekslinga.

På internett florerer det hånande manipulerte bilete der visittkortet blant anna blir plassert i samanheng med mange av verdas uoppklarte mysterium (sjå fleire døme frå Twitter nedst i saka).

Laster Twitter-innhold

– Iscenesett av Kreml

Minst tre prorussiske separatistar vart drepne i skotvekslinga nær byen som separatistane tok kontrollen over onsdag.

Utanriksdepartementet i Russland er rasande, og meiner drapa er ein provokasjon som viser at Ukraina ikkje etterlever Geneve.-avtalen som blei inngått torsdag. Ukraina, Russland, EU og USA forpliktar seg i avtalen til å dempa spenningsnivået rundt situasjonen i Ukraina.

Ein talsmann for den til dels ekstremistiske ukrainske Høgresektoren slår tilbake mot skuldingane i eit intervju med den ukrainske TV-kanalen, Kanal 5.

Han hevdar Kreml har «iscenesett ei provokasjonshandling». Han viser også til at visittkortet angiveleg skal ha blitt funne i eit utbrent køyretøy og kallar dei russiske skuldingane «heilt absurde».

Visittkortet til Yarosh blir no plassert inn i dei mest absurde situasjonar, og har til og med fått sin eigen Twitter-profil.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt