NRK Meny
Normal

Dette er den nye presidenten i eit djupt splitta Egypt

Leiaren av grunnlovsdomstolen blir president i Egypt etter at den første demokratisk valde presidenten i landet onsdag blei fjerna frå makta av militæret.

Adly Mansour tek over presidentembetet i Egypt etter kuppet

Høgsterettsdommaren Adly Mansour er mannen som skal stabilisera Egypt etter militærkuppet. Han er utpeika som mellombels president fram til det blir skipa til nyval.

Foto: SUHAIB SALEM / Reuters

Hærsjefen i Egypt kunngjorde onsdag kveld at militæret, i samråd med framtredande politikarar og religiøse leiarar, set til side grunnlova og fjernar Mohamed Morsi frå makta.

Den som skal styra landet fram til det blir skrive ut nyval er Adly Mansour, som for få dagar tok over sjef for grunnlovsdomstolen i Egypt.

Han tek over presidentembetet torsdag, opplyser hæren.

Blant «førehandsfavorittane»

68 år gamle Mansour er utdanna jurist og har over 20 års erfaring som høgsterettsdommar.

Han var blant namna som politiske ekspertar i forkant av militærkuppet trekte fram som moglege kandidatar til å ta over presidentvervet i ein overgangsperiode.

Nærmare 50 personar er drepne og mange hundre såra i demonstrasjonane mot Morsi den siste veka.

Morsi sjølv sa onsdag at han nekta å gå av og at han var villig til å døy i sitt forsvar av demokratiet. Han bad militæret om ikkje å ta parti og føreslo ei tverrpolitisk overgangsregjering som ei løysing på den politiske uroa i landet.

Mohamed Morsi

AVSETT: Hæren gav måndag Mohamed Morsi eit ultimatum om å finna ei politisk løysing på konflikten i Egypt. Fristen gjekk ut klokka 17.00 onsdag, og hæren var ikkje nøgd med Morsi sitt forslag til løysing.

Foto: AFP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt