Hopp til innhold

Kongos «Terminator» dømd for å bruke valdtekt som krigsvåpen

Soldatane hans drap sivile med machetar og reiv foster ut av gravide kvinner, ifølgje advokatar. Måndag blei Kongos «Terminator» den første til å bli dømd i ein internasjonal domstol for å bruke valdtekt som våpen i krig.

Bosco Ntaganda

BRUTAL: Den tidlegare kongolesiske generalen Bosco Ntaganda er den fjerde som er dømd i Den internasjonale straffedomstolen sidan den vart oppretta i 2002.

Foto: Lionel Healing / AFP

I Kongo er han kjend for å vere brutal og nådelaus. Soldatane hans var med på å gjere krigen i Kongo til eit mareritt for lokalbefolkninga.

Den tidlegare generalen og opprørsleiaren Bosco Ntaganda var nestleiar for den militære fløya av gruppa Unionen av kongolesiske patriotar (UPC) tidleg på 2000-talet.

No har Den internasjonale straffedomstolen i Haag dømt han for ei rekkje krigsbrotsverk, inkludert brotsverk mot menneskja.

barnesoldat

Barn heilt ned i sju år skal ha blitt rekrutterte som barnesoldatar.

Foto: Simon Maina / AFP

– Han var ein sentral leiar som gav ordre om å angripe og drepe sivile, sa dommaren Robert Fremr då han las opp dommen måndag.

Ifølgje tiltalen står soldatane hans bak drap på opp mot 800 menneske i landsbyar aust i Kongo i 2002 og 2003. Gruppa skal også ha bortført og tvinga barn til å bli barnesoldatar, og heldt kvinner som sexslavar.

Oppmoda til valdtekt

– Mange menneske blei likviderte med machetar. Nokre av dei fekk buken spretta opp, til og med gravide kvinner, sa aktor Fatou Bensouda då ho heldt si sluttprosedyre under rettssaka i august.

Han skal ha bedt soldatane sine om å valdta kvinner for å halde moralen oppe, og spreie frykt i befolkninga, ifølgje aktor. Barnesoldatane skal også ha blitt utsette for valdtekt.

Fatou Bensouda

Aktor Fatou Bensouda seier at drapa var systematiske.

Foto: Bas Czerwinski / AP

– I landsbyen Kilo var valdtekt så utbreidd at antibiotika blei delt ut for å behandle soldatar som var smitta av seksuelt overførbare infeksjonar, sa Nicole Samson, som også jobba for aktoratet under rettssaka.

Dersom dommen vert ståande er Ntaganda den første som er blitt dømd for seksualisert vald i Den internasjonale straffedomstolen, ifølgje menneskerettsgruppa Human Rights Watch.

Valdtekt som våpen

Frå heimlandet hans kjem også ein som har via store delar av livet sitt til kampen mot seksualisert vald. I 2018 vart den kongolesiske legen Denis Mukwege tildelt Nobels fredspris saman med Nadia Murad for arbeidet dei har gjort.

Valdtekt er blitt omtalt som eit stille våpen som vert brukt til å øydelegge heile samfunn. Ofte kan konsekvensane vere så store at dei øydelegge menneske og land lenge etter at krigen er over.

Mukwege har brukt store delar av livet på behandle kvinner som har blitt utsette for seksualisert vald. Han oppretta eit sjukehus i Bukavu i Aust-Kongo, der fleire tusen kvinner har fått hjelp med skadane dei har fått etter brutale valdtekter.

Mukwege og Murad

Nadia Murad og Denis Mukwege fekk Nobels fredspris i desember i fjor for kampen mot seksualisert vald brukt som våpen i krig og væpna konfliktar.

Foto: Fredrik Hagen / AP

Misnøgd med kallenamnet

Det var Ntaganda som sjølv melde seg til USAs ambassade i Rwanda i 2013. Då hadde han vore etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i sju år.

Etter at han overgav seg har han sete fengsla i Haag. Sjølve rettssaka har vart i over tre år, og i løpet av denne tida skal han ifølgje France24 ha lært seg engelsk og å spele piano.

Personleg meiner Ntaganda at kallenamnet «Terminator» er svært misvisande. Han seier at han aldri har skada sivile, og at dei som har vitna mot han ikkje snakkar sant.

Ifølgje forsvararen hans vart Ntaganda rekruttert som barnesoldat, ifølgje forsvararen hans. Fordi han sjølv var eit offer, burde han bli frikjend på alle punkt.

Bosco Ntaganda

URETT: Bosco Ntaganda nektar for å ha gjort noko kriminelt, og meiner kallenamnet «Terminator» er heilt misvisande.

Foto: Lionel Healing / AFP

Nye skuldingar

Ntaganda er den første som har overgitt seg frivillig til Den internasjonale straffedomstolen. FN har slått fast at i tida før han overgav seg var han også leiar for opprørshæren M23.

Den vart danna i 2012 då han og andre soldatar braut ut frå den kongolesiske hæren. Dei etablerte seg i Nord-Kivu-provinsen aust i Kongo, og gjekk til opprør mot regjeringa. Nesten éin million menneske vart driven på flukt som følgje av kampane.

På flukt

PÅ FLUKT: Nesten éin million vaksne og barn måtte flykte då det braut ut kampar mellom den kongolesiske regjeringshæren og opprørsgruppa M23 i 2012.

Foto: James Akena / Reuters

Human Rights Watch skriv at Ntaganda og hæren hans står bak drap, valdtekt og har tvinga barn til å bli soldatar. Skuldingar om brotverk som har skjedd etter 2003 er derimot ikkje ein del av denne rettssaka i ICC.

Den tyske avisa Deutsche Welle har snakka med fleire innbyggjarar frå Nord-Kivu-provinsen. Dei er glade for at rettssaka mot Ntaganda er over.

– Vi håpar at den same domstolen kjem til å sjå på brotsverka Ntaganda står bak i Nord-Kivu, og at vi også får rettferd, seier Mireille Kavira til avisa.

SISTE NYTT

Siste nytt