Den væpna delen av Hamas kom med denne trusselen i kveld. I fråsegna frå Hamas heiter det at dei vil angripe folk frå dei palestinske styresmaktene, dersom den åndelege leiaren Sheikh Ahmed Yassin eller andre militante blir skadde.
Palestinske styresmakter seier at Yassin framleis sist i husarrest, men seinast i ettermiddag gav han intervju til utanlandske fjernsynsstasjonar.
Hamas gir ei særskild åtvaring til den palestinske politisjefen i Gaza, Ghazi al-Jabali, som dei kallar "ein galen hund".
Hamas har saman med ei anna gruppe, Jihad heilag krig, teke på seg skulda for terrorbombene som drap 26 israelarar sist helg. Dette utløyste dei kraftigaste israelske angrepa mot Gaza og Vestbreidda sidan det palestinske opprøret starta for 15 månader sidan.
Sheikh Ahmed Yassin er grunnleggjaren av Hamas. Han vart sett i husarrest av det palestinske politiet i går, noko som førte til blodige samanstøytar mellom politiet og Hamas-tilhengjarar i natt og i dag.