Fatah, som er president Mahmoud Abbas og det palestinske maktapparatet sitt parti, er framleis det største partiet i dei palestinske områda Gazastripa og Vestbreidda.
Resultata frå dei palestinske lokalvala viser at Hamas kan bli ein farleg utfordrar for Mahmoud Abbas og Fatah ved parlamentsvalet til sommaren. (Foto: AP/Scanpix)
Likevel viser det offisielle resultatet frå valet sist torsdag at den militante islamistiske organisasjonen Hamas, som nektar å godta ein israelsk stat, blir ein kraftig utfordrar til Fatah ved parlamentsvalet til sommaren.
Fatah får fleirtal i rundt 50 kommunestyrer, medan Hamas får kontrollen i rundt 30. Dei resterande fire går til uavhengige kandidatar, opplyser den palestinske valkommisjonen.
Hamas har gjort det spesielt godt i fleire store byar, blant andre i Rafah på Gazastripa og Kalkylia på Vestbreidda.
Hamas har tidlegare boikotta dei palestinske vala, men har bestemt seg for å delta i vala i år.
Hamas har nekta å inngå ein våpenkvileavtale med Israel, men har sagt at dei vil stanse angrepa mot israelske mål for å gi president Mahmoud Abbas ein sjanse til å få til ein avtale med Israel.
Hamas har stått bak eit fleirtal av sjølvmordsaksjonane mot israelske sivile dei siste åra. Organisasjonen ser på heile Israel som okkupert område, og har som målsetjing å fjerne den israelske staten frå kartet.