NRK Meny
Normal

Hamas nektar å godta januar-val

Hamas, som har makta på Gazastripa, går ikkje med på nyval i januar, slik president Mahmoud Abbas har varsla.

Mahmoud Abbas

Hamas nektar å godta valet som Mahmoud Abbas vil halde i januar 2010.

Foto: DANIEL SANNUM LAUTEN / AFP

Innanriksdeparptementet på Gazastripa sende ut ei fråsegn i dag om at alle som deltek i val 24. januar, vil blir haldne ansvarlege.

- Departementet avviser valet fordi det er varsla av nokon som ikkje har rett til å ta slike avgjerder, og fordi valet er tillyst utan nasjonal semje, heiter det vidare i fråsegna.

Det var sist veke at president Mahmoud Abbas varsla at det blir halde både presidentval og val på ny nasjonalforsamling 24. januar 2010, etter at Hamas nekta å skrive under ein nasjonal forsoningsavtale.

Dersom Hamas hadde skrive under, ville valet bli utsett til juni 2010.

Hamas har sagt at dei treng meir tid på å vurdere forsoningsavtalen, som er forhandla fram av Egypt.

Den islamistiske organisasjonen Hamas har i dag makta på Gazastripa, medan president Mahomoud Abbas og det sekulære Fatah-partiet har makta på Vestbreidda.

LES OGSÅ: Hevder Israel hindrer vanntilførsel

LES OGSÅ: Israel vil ikke granske Gazakrigen

LES OGSÅ: Clinton med nedslående rapport om Midtøsten

LES OGSÅ: Advarer FN mot å «belønne terror»

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt