I tillegg skal tre personar vera såra i åtaket som var retta mot medlemer av den væpna fløya til Hamas, opplyser palestinske sjukehuskjelder.
Ei israelsk militær talskvinne stadfester at israelske soldatar, med støtte frå kampfly, opererte i området. Åtaket vart sett i verk etter at væpna palestinarar skaut mot israelske styrkar.
Dei israelske styrkane var om lag 400 meter inne på Gazastripa då dei vart skotne mot, opplyser palestinske augevitne.
Jaktar på heimelaga rakettar
Den israelske hæren og israelske kampfly gjennomfører med jamne mellomrom raid inn på Gazastripa, på jakt etter militante palestinarar som skyt heimelaga rakettar mot Israel.
Måndag vart ein væpna Hamas-medlem drepen av ein israelsk rakett på Gazastripa.
I alt 6.020 personer er drepne, det store fleirtalet av dei er palestinarar, sidan det andre palestinske opprøret braut ut i september 2000, ifølge tal frå nyheitsbyrået AFP.