Hopp til innhold

Hamas avviser våpenkvile-plan

Hamas og andre palestinske eksilgrupper i Syria avviser det egyptisk-franske forslaget til ein våpenkvileavtale for Gaza.

Demonstrasjon mot Israel i Damaskus

Det var i dag store anti-israelske demonstrasjonar i Damaskus.

Foto: BASSEM TELLAWI / AP

Ein felles talsmann for dei åtte eksilgruppene, Khaled Abdel-Majid, seier at dei vart samde om dette etter eit møte i Damaskus i dag.

- Det egyptisk-franske forslaget vil ikkje hjelpe til å finne ei løysing, sidan det er ein trussel mot motstandskampen. Dessutan vil det gjere det mogleg for fiende å halde fram aggresjonen, seier talsmannen.

Dei åtte palestinske gruppene avviser også utanlandske styrkar eller observatørar i Gaza, fordi dei vil vere med på å styrkje okkupanten (Israel) og oppretthalde blokaden.

Den israelske forhandlaren Amos Gilad er i Kairo for å diskutere forslaget med sjefen for den egyptiske etterretninga og andre høgtståande tenestemenn.

Statsministeren sitt kontor i israel har gitt uttrykk for håp om at det egyptisk-franske forslaget skal gjere det mogleg å få til ein situasjon som kan tillate Israel å avslutte aksjonen mot Gaza.

Både Israel og dei palestinske sjølvstyresmaktene har sagt at dei er positive til forslaget, men det har liten verdi om ikkje det er mogeg å få også Hamas med på ein avtale.

I dag var det dei hittil største anti-israelske demonstrasjonane i Damaskus etter angrepet på Gazastripa.

SISTE NYTT

Siste nytt