Hopp til innhold

Ein halv million evakuerte i frykt for «Soulik»

Tyfonen «Soulik» hamra natt til søndag inn over Kina med kystprovinsen Fuijan som første stopp. Ein halv million menneske er evakuerte.

Ein innbyggjar i landsbyen Caopo i den kinesiske Sichuan-provinsen brukar tau for å redda seg ut av huset sitt på grunn av uvêret under tyfonen "Soulik".

Tyfonen 'Soulik' blei nedgradert til ein tropisk depresjon før den trefte det kinesiske fastlandet, men dei kraftige vindane og store nedbørsmengdene har likevel skapa problem for mange innbyggjarar.

«Soulik» er den første tyfonen i regionen dette året, og med vindar oppe i 118 kilometer i timen slo den den natt til søndag inn over søraustkysten av Kina.

I kystprovinsane Fuijan og Zheijang blei over ein halv million menneske evakuerte før tyfonen råka. 5500 soldatar er i beredskap, og har blant anna bistått i evakueringsarbeidet.

Tilbakekalla 31.000 skip

«Soulik» herja først ifrå seg på Taiwan, der to menneske omkom, 104 vart skadde og ein er sakna etter uveret.

Ifølgje det meteorologiske instituttet i Kina var tyfonen svekt til ein tropisk depresjon før den nådde det kinesiske fastlandet.

Kinesiske styresmakter tek likevel ingen sjansar. 31.000 skip vart kalla tilbake til hamneområdene og 20 fly kansellerte.

Ti meter høge bølgjer slo søndag inn over byen Ningde og elvene har mange stader gått over sine breidder.

Tyfonen «Soulik» hamra natt til søndag inn over Kina med kystprovinsen Fuijan som første stopp. Ein halv million menneske er evakuerte.

Med opp til ti meter høge bølgjer herjar 'Soulik' på kysten av Kina.

Verste flaumen på 50 år

Landsbyen Bailan er ein av plassane der uveret er på sitt verste, med 90 centimeter regn på 48 timar og vindar heilt opp i 220 kilometer i timen.

Ifølgje det statlege kinesiske nyheitsbyåret Xinhua er det førebels berre rapportert om mindre materielle skadar som følgje av «Soulik», og ingen dødsfall eller personskadar.

Det har likevel vore mykje dårleg vêr i området den siste tida, og i Sichuan-provinsen har 48 mista livet som følgje av stormar den siste veka.

Flaumen i provinsen er den verste på 50 år, og 220.000 menneske har vorte tvinga til å flykta frå dei flaumråka heimane sine.