Hopp til innhold

Hagl store som appelsinar – 18 til sjukehus

18 menneske, blant dei ei gravid kvinne, vart skadde då byen Pescara på den italienske adriatarhavskysten vart ramma av kraftige haglbyer i dag.

Ein del av hagla var på størrelse med appelsinar, og dei gjorde stor skade. 18 menneske fekk behandling på det lokale sjukehuset for hovud- og kroppsskadar som følgje av dei enorme hagla.

For to veker sia blei også ein by i Mexico ramma av ei kraftig haglbye som dekka gatene med is.

Sjukehuset måtte stengje

Store hagl.

Hagl gjorde stor skade i byen Pescara på den italienske adriatarhavskysten.

Foto: EBU

Haglskuren gjorde sjukehuset i Pescara måtte stanse arbeidet på grunn av flaumvatn som trengde inn i bygningen, melder det italienske nyheitsbyrået Ansa . Vatnet trengde inn i første etasje, der blant anna kjøkkenet og apoteket er.

I parkeringsanlegget i kjellaren vart det målt ein vasstand på to meter, og fleire titals bilar vart øydelagde.

Haglet gjorde også stor skade på bilar. Fleire køyretøy fekk slått inn frontrutene på grunn av hagla, og fleire tak på hus i byen vart øydelagde.

Alvorleg skadd

Tornado i Italia.

Adriatarhavskysten vart også ramma av ein tornado onsdag.

Foto: Social Media / Reuters

Det var i ettermiddag ikkje mogleg å kome fram i gatene i Pescara, som ligg i provinsen Abruzzo. I byen Milan Marittima lenger nord på kysten vart ei kvinne alvorleg skadd etter at byen vart ramma av ein kraftig tornado. Ho vart teken til sjukehus i Cesena, men skadane hennar skal ikkje vere livstruande.

Tornadoen reiv opp store tre som igjen fall over blant anna kraftleidningar og bygningar. Blant trea som måtte gi tapt for vinden var 200 fleire hundre år gamle marine pinjetre.

Det har vore svært varmt i området den siste tida, og urolege luftstraumar frå Afrika gjer at meteorologane fryktar meir ekstremvêr i dagane som kjem.

Nyheitsbyrået Ansa.

Faksimile frå nettsidene til det italienske nyheitsbyrået Ansa.

SISTE NYTT

Siste nytt