– Ingen skjønte at det var noko gale med det islandske banksystemet, seier eksstatsminister Geir Haarde. Han avviser riksrettssaka som politisk motivet.
Måndag morgon starta rettssaka mot han i Reykjavik. Sjølv avviser Haarde at han skal stå til ansvar for krisen på Island.
LES:
–Politisk forfølging
Islands tidlegare statsminister Geir Haarde meiner han er utsatt for politisk forfølging
Foto: HALLDOR KOLBEINS / AfpHaarde meiner tiltalen er ei «politisk forfølging», melder BBC.
Eksstatsministeren meiner han gjorde det som var best for landet. Island blei kasta inn i djup resesjon etter bankkollapsen hausten 2008.
Haarde blei ein særs upopulær mann på Island etter krisen.
LES:
Kan bli frifunnen
– Det verkar som dette er ein politisk motivert rettssak.
Tiltaledokumentet er diffust, seier sjefsredaktør Olafur Stephensen i Frettabladid til NTB.
– Mange juristar meiner det er god sjanse for at Haarde blir frifunnen, seier han vidare.
Historisk rettssak
Rettssaka er eineståande i Island si historie. Haarde er den første som blir stilt for Landsdomur.
Det er spesialdomstol som blei oppretta i 1905 for å handtere saker mot medlemar av regjeringa som er mistenkte for lovbrot.
Havariet av Icesave, som ramma tusenvis av bankkundar i Nederland og Storbritannia, ført til ein voldsom krangel om kompensasjon som enno ikkje er løyst.
Haarde seier det er umogleg at nokon kunne skjøne at dette ville skje.
Haarde ba om orsaking då han tala til Sjølvstendigheitspartiets landsmøte i mars 2009.
Men han understrekte at han ikkje kan be om orsak for feil og lovbrot som tilsette i bankar og andre selskap hadde begått.