NRK Meny
Normal

Guvernør vert stilt for riksrett

Guvernøren i Illinois vert stilt for riksrett mistenkt for å ha prøvd å ta seg betalt for å utnemne Barack Obamas etterfølgjar i Senatet.

Rod Blagojevich
Foto: M. Spencer Green / AP

Det bestemte Representanthuset i Illinois i dag.

114 representantar røysta for å stille guvernør Rod Blagojevich for riksrett. Ein representant røysta mot, melder Reuters.

Saka skal opp i senatet i delstaten. Dersom to av tre delstatssenatorar røystar for å felle guvernøren, mistar han vervet sitt.

- Blagojevich har svike tilliten til publikum, seier den demokratiske representanten Barbara Currie, som har leidd etterforskinga mot guvernøren.

Blagojevich vart arrestert 9. desember i fjor mistenkt for å ha misbrukt stillinga si ved å prøve å selje Obama sin tidlegare plass i Senatet.

Les: Ville selge Obamas senatsplass

Utnevnte Obamas etterfølger i Senatet

Kaos truer åpningen av Senatet

Obama representerte Illinois i Senatet og sa frå seg plassen like etter at han vann presidentvalet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt