Hopp til innhold

Gull-Mao vart netthetsa – no er han borte

Ein diger statue av tidlegare kommunistleiar i Kina, Mao Zedong, fekk berre leve i nokre få dagar. Den gullfarga statuen førte til eit ras av sarkastiske meldingar i sosiale medium, men er altså no fjerna.

CHINA-ODDLY/ A discarded head is placed on the ground next to a giant statue of Chinese late chairman Mao Zedong under construction near crop fields in a village of Tongxu county

Hovudet til Mao-statuen stod støtt på bakken før den vart plassert på den toppen av den 37 meter høge gullfarga statuen. No er hovudet tatt ned att etter mykje kritikk og netthets. Statuen mangla godkjenning, seier kinesiske styresmakter.

Foto: CHINA STRINGER NETWORK / Reuters

Det er ikkje mange dagar sidan den 37 meter høge gylne statuen stod ferdig i Henan-provinsen i Kina. Statuen hadde ein prislapp på rundt fire millionar kroner, og det var ei gruppe lokale entreprenørar som betalte for gildet.

Satseigd kinesisk avis: – Manglande godkjenning

Statuen vart fort gjenstand for sarkasme og kritikk av folk som ønska å kritisere kinesiske styresmakter. No lurer folk på om det var kritikken som fekk styresmaktene til å fjerne statuen, eller om det vart gjort fordi måten den var bygd på ikkje var godkjent.

Representantar frå styresmaktene seier til den statleg eigde avisa Renmin Ribao at det er nettopp manglande godkjenning som er årsaka til at statuen vert riven ned att etter få dagar.

Statuen vart sett opp i ein provins som var hardt råka av den store svoltkrisa i Kina rundt 1960. Fleire titals millionar menneske døde under svoltperioden. Det bur framleis mange fattige i regionen, og ein statue til ein verdi av fire millionar kroner er difor ikkje særleg populær hos alle i Henan.

– Kvifor ikkje bruke tre millionar til å forbetre lokal utdanning, har ein av kritikarane sagt på det kinesiske nettsamfunnet Weibo, ifølgje The Guardian.

Vart riven ned utan forvarsel

Kritikaren har også fått støtte frå mange andre som meiner pengane kunne bli brukt på langt meir naudsynte utgifter enn ein gullfarga statue.

Men på ein tåkefull torsdags morgon vart plutseleg vegane som førte til statuen blokkerte, og folk som ville sjå statuen fekk beskjed om å snu av personar som var sendt ut av styresmaktene. Deretter starta rykta å gå om att statuen var på veg ned, og eit bilete som har starta å bli hyppig delt på sosiale medium stadfestar dette.

Sjølv om statuen fekk kritikk, så var det også mange som likte den. Fleire av bebuarane i den nærliggande landsbyen Zhushigang er leie seg for at statuen er borte.

– Mao var leiaren vår, og dette er bittert for oss, seier ei 75 år gamal kvinne til New York Times.

Eit bilete som starta å florere på nettet skal vere bevis på at statuen er riven ned.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt