Hopp til innhold

Grufulle overgrep på islandsk institusjon

178 born har vore utsette for omfattande overgrep på ein institusjon for funksjonshemma på Island, går det fram av rapporten frå granskingskommisjonen.

På denne institusjonen for psykisk og fysisk utviklingshemmede på Island ble samtlige barn forsømt, misbrukt og levde i konstant frykt for overgrep.

VIDEO: Omfattande mishandling på institusjon på Island.

Institusjonen Kópavogshæli var i drift frå 1952 og 1993. Institusjonen var både for born og vaksne med psykiske eller fysiske funksjonshemmingar. Rapporten, som vart levert til justisministeren i dag, fell ein knusande dom over korleis institusjonen vart driven.

Kópavogshæli var underbemanna, underfinansiert og overfylt. Dei minste borna levde under forferdelege forhold. Det vart brukt tvangstrøyer, dei vart bundne faste til sengene sine og mange vart over-medisinerte.

Måtte ete sitt eige spy

Hrefna Fridriksdottir.

Hrefna Fridriksdottir har leidd kommisjonen som har undersøkt forholda til ved den no nedlagde institusjonen.

Foto: RUV

I dei verste tilfella vart born brende som straff eller dei vart tvungne til å ete sitt eige spy.

Born har fortalt om omfattande både fysisk og psykisk mishandling. Små born var plasserte saman med vaksne, dei fekk ikkje oppfølging, og det blir fortalt historier om eittåringar som måtte kravla rundt på golvet i timevis utan at nokon tok dei opp.

Etter at institusjonen stengde dørene i 1993 byrja det å gå rykte om kva som hadde skjedd der. I 2012 vart det sett ned ein kommisjon, som fekk i oppdrag å undersøkje saka. Kommisjonen vart leidd av Hrefna Fridriksdóttir, og ho sa dette då ho leverte frå seg rapporten i dag:

– Mangla omsorg

– Konklusjonen vår er at borna som budde på Kópavogshæli vart dårleg behandla i heile perioden institusjonen var i drift. Det var psykisk og fysisk mishandling og ulike former for vanskjøtsel. Det mest alvorlege er kanskje at borna sine viktigaste behov ikkje vart stetta. Dei mangla omsorg, normal oppfostring, stimulering, skulegang og trening.

Rapporten rettar flengande kritikk mot regjeringane som styrte Island i perioden institusjonen var i drift, for ikkje å ha gripe inn. Kommisjonen har intervjua menneske som budde på institusjonen som born, foreldra deira og også tidlegare tilsette.

Rundt 100 av borna som budde på Kópavogshæli er framleis i live.

Detaljane som kjem fram i rapporten er sterk lesing. Ein mann fortel at han kom til institusjonen som treåring, der han vart plassert på rom saman med vaksne. Han var livredd for dei, har han sagt.

Barn utsett for overgrep må reise i fleire timar hit for å få hjelp

Rapport: Hver tiende mann utsatt for seksuelle overgrep

– Fekk aldri hjelp

Mannen hadde ei fysisk funksjonshemming, men fekk aldri hjelp eller trening. Han kravla rundt på golvet åleine i årevis, har han fortalt.

Ein sju år gammal gut har fortalt at han gjentekne gonger vart låst inne i ein mørk kjellar, der han måtte ete opp maten sin. Han fortel at han ikkje tolte sild, at han kasta opp av det. Han vart låst inne i kjellaren med ein tallerken sild.

Om han kasta opp, måtte han ete spyet, og dette skjedde minst fem gonger. Han fekk ikkje kome ut av kjellaren før han hadde ete opp.

Krev gransking av barneheimsssaker

Nekter barnehjemsbarn sak