Hopp til innhold

Grottegutane blir utskrivne frå sjukehuset onsdag

Dei 12 gutane i det thailandske fotballaget «Villsvina» og trenaren deira, som var fanga i ei grotte i ti dagar, blir skrivne ut frå sjukehuset i morgon onsdag.

 "Wild Boars" fotograferte på sjukehuset 14. juli.

Fotballaget .«Wild Roars» (Villsvina) fotograferte på sjukehuset sist laurdag. Onsdag blir dei utskrivne, og det er tillyst ein pressekonferanse før dei forlèt sjukehuset.

Foto: Handout / Reuters

Dei 12 gutane, som er i alderen 11 til 16 år, og den 25 år gamle trenaren deira tok seg inn i grotta Tham Luang i det nordlege Thailand etter ei fotballtrening 23. juni. Kraftig regn gjorde at grotta vart fylt av vatn, og dei kom seg ikkje ut.

Dei skulle vere i grotta berre ein time , men dramaet kom til å vare i over to veker. Kaldt og fuktig, og i stummande mørke fleire kilometer inne i grottesystemet.

Dramatisk redningsaksjon

Peerapat Sompiangja.

Ein av fotballgutane, Peerapat Sompiangja, fotografert på sjukehuset sist laurdag.

Foto: AP

Dei var sakna i åtte dagar, før dykkarar fann dei i eit vanskeleg tilgjengeleg område langt inne i grotta 2. juli. Det var stor glede då meldinga kom om at alle var i livet og etter forholda ved god helse. Mange trudde vanskeleg for å tru at dei hadde overlevd.

Heile verda fylgde med på den dramatiske redningsaksjonen, og gleda var stor då alle saman vart berga ut. Dei siste vart henta ut av grotta 10. juli.

Sidan har dei vore på sjukehus. Fleire av dei fekk ein lettare lungebetennelse etter opphaldet i grotta, og det var også frykt for andre smittsame sjukdomar. Derfor fekk familiane kontakt med gutane berre gjennom ein glasvegg på sjukehuset.

I morgon blir alle utskrivne, ein dag før den opphavlege planen. Det er varsla at dei vil fortelje om opplevingane sine på ein pressekonferanse etterpå.

Avreisa frå sjukehuset er varsla klokka 12 norsk tid, og pressekonferansen er sett til klokka 13. Du kan sjå pressekonferansen direkte på NRK.no

Redningsaksjon i Thailand.

Redningsaksjonen inne i grotta var svært vanskeleg og dramatisk.

Foto: Handout / AFP

Australsk lege hylles: Richard Harris ble værende igjen i grotta med guttene

Vannpumpe sviktet kort tid etter siste gutt var ute av grotta

Enorm medieinteresse

Thailandske styresmakter håper at pressekonferansen i morgon vil tilfredsstille den enorme medieinteressa for gutane, slik at dei kan gå tilbake til dei vanlege liva sine på best mogleg måte.

– Vi ynskjer å redusere presset på gutane, slik at dei kan starte eit normalt liv igjen, seier talsmann for den thailandske regjeringa Sansern Kaewkamnerd til nyheitsbyrået Reuters.

Dramaet i Tham Luang-grotta nord i Thailand, ikkje langt frå grensa til Myanmar, vart fylgt av fleire hundre pressefolk frå heile verda. Nyheitskanalane rapporterte så å seie døgnet rundt om dramaet.

Eit amerikanske filmselskap har varsla at dei vil lage ein spelefilm om det som skjedde.

Grotte-guttene takker redningsmennene fra sykesengen

Guttene som er fanget i en grotte i Thailand
Foto: AP

SISTE NYTT

Siste nytt