Grottedykkarar inne i skipet

Italienske ekspertar på redningsoperasjonar etter snøskred og grotteulukker tok seg i dag inn i det havarerte cruiseskipet «Costa Concordia». Videoen ser du her.

Video Dykkerbilder inne fra "Costa Concordia"

VIDEO: Dykkerbilete inne frå 'Costa Concordia'

Bent Tanstad
Journalist

Dykkarane gjekk inn i skipet etter at dei andre redningsarbeidarane måtte gi seg , etter at skipet byrja å røyve på seg. Dykkarane som var inne i skipet vart trekte ut på grunn av frykt for at skipet skulle rulle av klippa det står på.

Costa Concordia

Slik ser vraket av «Costa Concordia» ut frå verdsrommet.

Foto: DIGITALGLOBE / Reuters

Rørsla i skroget vart oppdaga gjennom eit elektronisk overvakingssystem, medan dykkarane som var inne i skipet ikkje merka noko til det. Skipet flytta seg rundt ein og ein halv meter, og det var onsdag kveld framleis uklart om «Costa Concordia» er stabilisert.

Grottedykkarane som var inne i skipet i dag klaga over svært dårleg sikt. Dei hadde med seg kraftige lyskastarar, men det var likevel vanskeleg å få oversikt.

– Det var elendig sikt. Eg tok tak i ein gjenstand som flaut omkring, men eg såg ikkje kva det var før eg fekk hovudet over vatn. Det var ein damesko, seier Giuseppe Minciotti, ein av grottedykkarane.

Det er ikkje funne nye omkomne inne i skipet i dag, og ingen har lenger håp om å finne fleire overlevande. Det er håp om at arbeidet med å pumpe ut olje og å leite etter omkomne inne i vraket kan starte for fullt igjen torsdag morgon.

11 personar er stadfesta omkomne etter forliset sist fredag kveld, medan 22 framleis er sakna. Det var 4200 menneske om bord i skipet då det gjekk på grunn. Ei tysk kvinne som var oppført som sakna, kom onsdag titl rette heime i Tyskland.

LES OGSÅ: Kystvaktkaptein blir folkehelt etter utskjelling

LES OGSÅ: Eks-sjef kallar kapteinen våghals

LES OGSÅ: - Kom deg om bord igjen, kaptein!

LES OGSÅ: Her rømmer passasjerene fra «Costa Concordia»

LES OGSÅ: Skal kvinner og barn reddes først?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt