Hopp til innhold

Greske øyer overfylt av flyktningar

Den greske øya Lesbos er overfylt av flyktningar som ønsker seg til Europa. Ved å bruke all slags gjenstandar dei kan flyte på, strøymer flyktningane frå Tyrkia, gjennom Egeerhavet, til dei greske øyane.

Flyktninger Lesbos Hellas

FLYKTNINGSTRAUM: Ein mengde flyktningar har akkurat kome til den greske øya Lesbos. Ved å hjelp av menneskesmuglarar har dei klart å kryssa Egeerhavet frå Tyrkia.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp

Lesbos sin hovudstad, Mytilene, og eit nyopna interneringssenter er overfylt av flyktningar. Hjelpearbeidarane har ikkje mykje å gje flyktningane anna enn eit teppe kvar. Lokale tenestemenn ser få moglegheiter til å la migrantane fortsette turen vidare til Aten fordi det er så stor pågang.

– I gjennomsnitt kjem det rundt 200 flyktningar kvar dag, seier Zoi Livaditou som jobbar for den Internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM)

Kvar morgon tek Livaditou i mot mange migrantar som er blitt plukka opp i Egeerhavet mellom Tyrkia og Hellas. Han hjelper også flyktningar som har klart å koma seg heilt til stranda på dei greske øyane.

– Situasjonen er ikkje lenger handterleg, seier han.

Flyktninger Lesbos hellas

Flyktningane er på kaia på den greske øya Lesbos, etter å flukta frå ulike land i Asia og Afrika.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp

Set livet på spel for å nå draumen

– Me har gått frå Iran mot Tyrkia i 20 timar, utan mat og drikke. Fleire vart skadde undervegs, seier ein 25 år gamal afghansk mann som håpar på eit nytt liv i Europa.

Dei fleste migrantane kryssar havet i gummibåtar som er eigd menneskehandlarar.

– Det var veldig farleg. Båtane var stappfulle av menneske, det var mørkt, og det var mange barn, fortel 37 år gamle Ismail Kadilah. Han er kurdar og har flukta frå den krigsherja byen Aleppo i Syria.

Immigranter i Lesbos Hellas

Kvinna er akkurat komen til den greske øya Lesbos saman med barnet sitt. Dei har kryssa Egeerhavet frå Tyrkia.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp

Sterk auking i flyktningstraumen

Totalt har 10 445 flyktningar kome til den greske kysten i løpet av første kvartal i 2015. I fjor var det registrert 2863 flyktningar i same periode.

Denne tredoblinga tydar på ein ekstrem auke i illegal innvandring til Hellas. Aukinga starta for fullt i 2014, då kom det til saman 43 518 migrantar med maritime ruter, samanlikna med 2013 der det vart registrert 11 447 flyktningar.

Flyktningar i Lesbos Hellas

Hjelpeorganisasjonane har lite dei kan tilby flyktningane. Det er også få som får eit stad å bu, fordi det er for mange flyktningar på den greske øya Lesbos.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp

Alle dei greske øyane langs Egeerhavet er påverka av flyktningstraumen. Verken Aten eller andre greske byar har nok fasilitetar for å gje førstehjelp eller losji til migrantane. Får å handtere dei vanskelege forholda, oppfordrar greske myndigheiter kommunane til å bruke forlatne statlege bygg for gje flyktningane ein mellombels plass å bu.

Lesbos

SISTE NYTT

Siste nytt