NRK Meny
Normal

Greske kriser på rekke og rad

Problema står framleis i kø for grekarane. 20. juli forfaller nok ei enorm rekning, og no kan bistand til Hellas bli aktuelt. Her er ei liste over Hellas sine største utfordringar.

EUROZONE-GREECE/ "No" supporters wave Greek national flags on the main Constitution (Syntagma) square in Athens, Greece

Det lyser framleis raude varsellamper for grekarane. Dei neste månadane må dei ut med over 110 milliardar kroner.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters

1. Rekningar på minst 110 milliardar kroner

Hellas sine rekningar er mange, og store. Allereie på fredag skal landet etter planen betale ut 17,8 milliardar kroner i trygd, pensjon, løn til offentleg tilsette og ulike avdrag.

Deretter kjem rekningane ein etter ein. 13. juli skal Det internasjonale pengefondet (IMF) ha tilbake fire milliardar kroner. 17. juli må dei ut med nye 9 milliardar til offentlege utgifter.

EUROZONE-GREECE/ Outgoing Finance Minister Yanis Varoufakis shows newly-appointed Finance Minister Euclid Tsakalotos his chair in Athens

Hellas sin nye finansminister Euclid Tsakalotos (til venstre) skal ta over utfordringane som Yanis Varoufakis (til høgre) har slite med dei siste månadane.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters

Men den største rekninga kjem den 20. juli. Då skal Hellas etter planen betale 31,2 milliardar kroner til Den europeiske sentralbanken (ESB).

Til samanlikning er det meir enn det dobbelte av den summen som Hellas ikkje betalte til IMF den 30. juni. Hellas skal også betale 200 millionar til Den europeiske investeringsbanken den 20. juli.

Deretter følger nye utbetalingar til trygd, lønningar og anna, samt fleire avdrag til både IMF og ESB.

Frå no og fram til midten av september må grekarane eigentleg ut med minst 13,7 milliardar euro i utbetalingar og rekningar. Det vert 110 milliardar kroner. Og det er 110 milliardar kroner som Hellas ikkje har.

2. Krisemøte på rekke og rad

For å prøve å finne pengar som dei kan bruke til å betale alle rekningane sine, så held Hellas fram med møta dei har med EU, ESB og IMF. Men sjølv om alle partar seier dei vil finne ei løysing er det mykje som framleis tyder på at det vil bli vanskeleg.

Håpet for Hellas er å få ein avtale om nye lån, slik at dei kan betale ned gamle lån. Problemet er berre at grekarane ikkje vil godta dei krava om reform som vert stilte til dei.

Klokka eitt i dag skal finansministrane i EU møte i Brussel. Og klokka seks i kveld er det krisemøte med alle dei 19 landa i eurosona.

Hellas er bedne om å kome opp med ein ny plan for å finne ei løysing på den greske krisa.

Tidlegare har partane stått langt unna kvarandre, og det er lite som tyder på at dei står nærare kvarandre no, etter at det greske folk stemte nei til kreditorane sine krav på søndag.

Det hastar med å finne ein måte der Hellas kan få pengar til å betale rekningane sine, men ingen veit når eller om det vil kunne skje.

FRANCE-GERMANY-GREECE-EU-REFERENDUM-DEBT

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og Frankrikes president François Hollande møttest i går for å diskutere krisa i Hellas. Tyskland har vore særskild harde overfor grekarane, og stiller strenge reformkrav.

Foto: BERTRAND GUAY / Afp

3. Krise for det greske folk – bistand kan bli aktuelt

Samstundes som dei greske politikarane forsøker å få tak i pengar til å betale låneavdraga sine, så får det greske folket stadig mindre å rutte med.

Ein kan berre ta ut 60 euro kvar dag per kort, noko som vert 485 norske kroner. Kvar dag er køane ved minibankane lange fordi alle vil få ut dagens sum.

Frykta er at minibankane skal gå heilt tomme for kreditt, noko som kan bli ein realitet sidan ESB ikkje har vore villige til å auke naudutbetalingane til Hellas.

EUROZONE-GREECE/ A vendor of corn cobs waits for clients in central Athens

I Hellas prøver folk å få dagane til å gå som normalt. Her frå ei gate i Aten.

Foto: JEAN-PAUL PELISSIER / Reuters

Og det er dei fattigaste det går hardast utover. Difor er det fleire som no snakkar ope om å gje Hellas bistand. EU-president Martin Schulz meiner at det er på tide å diskutere humanitær bistand.

– Vanlege borgarar, pensjonistar, sjuke og barn skal ikkje vere blant dei som betaler prisen for den dramatiske situasjonen som regjeringa har ført landet sitt inn i, seier han.

Fleire fryktar for følgene av arbeidsløyse og fattigdom. Går det riktig ille kan uro og sosiale problem få gro i Hellas.

4. Fleire dagar med stengde bankar og mogleg «Grexit»

I går vart det bestemt at bankane i Hellas skal halde stengt to dagar til, og kjelder i det greske bankvesenet seier dei kan halde stengt heilt til neste måndag.

Det vil i så fall skape endå fleire problem for mange grekarar som allereie har smått med pengar. Minibankane er altså opne, men med tak for uttak på 60 euro.

GREECE-EU-REFERENDUM-DEBT

Kvar dag er det lange køar utanfor minibankane over heile Hellas. Folk vil ha tak på alle pengane dei kan fordi dei er redde for at både banksektor og valuta skal kollapse.

Foto: IAKOVOS HATZISTAVROU / Afp

Hellas seier dei har pengar nok til å kunne klare seg ut denne veka, men om ikkje landet får meir i naudlån frå ESB vil dei gå tom for pengar.

Då er løysinga å starte produksjonen av ein eigen valuta, men då vil også Hellas vere ute av eurosamarbeidet.

Men det er venta at eurolanda vil strekke seg langt for å halde Hellas som eit euroland. Då valutaen vart etablert i 2001 var det nemleg ein viktig premiss at det ikkje var nokon veg tilbake frå valutaen. Om det derimot viser seg at eit land kan trekke seg frå euroen, så vil det skape uvisse i framtida.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt