NRK Meny
Normal

Gresk politimann i full fyr

Ein politimann på motorsykkel vart treft av ei brannbombe under ein demonstrasjon i Aten i dag. Minst fem vart skadde og 20 arresterte etter uroa.

Video Politimann sett i brann i Aten

VIDEO: Sjå den dramatiske hendelsen i Aten

Det gjekk bra med politimannen, men som videoen viser såg det svært dramatisk ut før kollegaene fekk sløkt brannen. 30.000, for det meste studentar og fagorganiserte, var ute i gatene og demonstrerte i dag.

Samanstøytane i Aten dei verste hittil i år i den greske hovudstaden. Demonstrantar kasta brannbomber og steinar på politiet, som på si side svarte med tåregass og sjokkgranatar.

Demonstrasjonane rettar seg mot den økonomiske politikken til den sosialistiske statsministeren Georg Papandreou. Det er lagt sterkt internasjonalt press på Hellas for å gjennomføre ytterlegare kutt i offentleg sektor.

Dette har vekt sterke reaksjonar i Hellas, som før nyttår var gjennom ein økonomisk hestekur for å berge økonomien frå fullstendig kollaps.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt