Hopp til innhold

Valet i Hellas: Giorgios (19) brukte ikkje stemmeretten sin – han er ikkje åleine

For første gang kan 17-åringar stemmerett i Hellas. Men ein politikarveteran frå partiet Syriza meiner valsystemet aktivt hindrar ungdom å stemme.

Fekk ikkje gjere borgarplikta i Hellas

Giorgos er frå Sparta og valde basketkamp i staden for å avlegge stemme i valet på ny nasjonalforsamling.

Foto: Andras D.Hajdu

Det er mange basketfans som vandrar langs promenaden ved småbåthamna i Pireus.

Ein av dei er Giorgos på 19 år.

21. mai er det val på ny nasjonalforsamling i Hellas, men som mange andre ungdommar har han ikkje gjort borgarplikta si.

Årsaka er at han kjem frå Sparta, og då er det der han må avlegge stemme. Så han har prioritert basketkampen i staden for valet.

– Eg måtte til Aten allereie i går, og det hadde vore slitsamt å køyre tre timar til Sparta for så å køyre tilbake til Aten for å sjå kampen.

Følg opptellinga av stemmene ved valet i Hellas her:

Måtte ha søkt tre månadar før valet

Giorgos er ikkje aleine.

Om lag 200.000 potensielle veljarar arbeider i turistnæringa på dei greske øyene. Mange har lange dagar og det er dyrt å ta ferje eller fly til heimstaden for å stemme.

Det er mogleg å søke om å få avlegge stemme ein annan stad. Men i praksis er det ikkje mogleg.

Giorgos fortel han prøvde å søke om å få avlegge stemme i Aten, og svaret han fekk overraska:

– Eg måtte søke tre månadar før valet for å få avlegge stemme ein annan stad. Men det betyr at eg måtte ha søkt før valet blei kunngjort, så det var kjemperart, fortel han.

– Systemet hindrar ungdommen å stemme

Ute ved hamnebyen Pireus møter vi parlamentsmedlem for opposisjonspartiet Syriza, Nikos Mpelavilas.

Han kjem brummande med motorsykkel og røyker rullings.

Syriza

Nikos Mpelavilas representerer hamnebyen Pireus i nasjonalforsamlinga.

Foto: Andras D.Hajdu

Pireus er eit ekte arbeidarstrøk, og Mpelavilas er ein lokal politikarlegende som kjempar for venstresida i gresk politikk.

– Eg meiner systemet hindrar ungdom å stemme. Fordi stemma deira vil vere mot dei tradisjonelle greske politikarane, seier han.

– Gresk ungdom er godt utdanna men dei har ikkje arbeid. Dei ser på korleis politikarane steller i stand skandalar. Dei som har arbeid får ikkje ei løn dei kan leve av, legg han til.

Mpelavilas håpar ungdommen til slutt vil vinne over den politiske eliten. Men det vil ta tid.

Sjølvsikker visefinansminister

Vi møter visefinansminister Theodoros Skylakakis ved fasjonable Old Britannia hotell.

Han er kledd i dress og slips. Partiet Nytt demokrati representerer næringslivet og dei kan vise til økonomisk framgang den periode dei har hatt regjeringsmakta.

Visefinansminister

Visefinansminister Theodoros Skylakakis er sjølvsikker på siger, sjølv om det kanskje må ein andre runde til.

Foto: Andras D.Hajdu

– Bruttonasjonalprodukt har vekse med 25 milliardar euro, og vi har lågare rente enn Italia. Dette er bra for dei som vil investere, fortel han.

Når det gjeld ungdommen så har regjeringa presentert sitt program. No er det opp til dei å gjere eit val.

Ei tragisk togulukke i februar førte til store demonstrasjonar mot regjeringa. 57 menneske, mange av dei studentar, mista livet. Også ei avlyttingsskandale har ført til kritikk.

Likevel fortel Skylakakis til NRK han er ganske sikker på sigeren:

– Det er litt som å spele poker. Viss du sit rundt bordet og ikkje veit kven taparen er, så er det som regel deg. Det har vore ein roleg valkamp og det er eit signal om at det ikkje vil bli noko regjeringsskifte denne gang.

Han understrekar også at det er eit godt signal at det har vore ein ryddig valkamp, og han trur nok slik partia har stilt seg at det vil bli nødvendig med ein andre valrunde for å kunne stable ei regjering på beina.

Oppteljinga av dei første stemmene kan tyda på at visefinansministeren får rett.

Partiet Nytt demokrati ligg nemleg an til å bli største parti etter søndagens parlamentsval. Likevel ser det ikkje ut til at partiet får nok representantar i parlamentet til å få fleirtal.