NRK Meny
Normal

Gresk minister slått til blods i streikeopptøyar

Ein tidlegare gresk minister blei slått til blods då fleire tusen illsinte aksjonistar demonstrerte i Athen onsdag.

– Tjuvar! Skam dykk! skal venstreorienterte demonstrantar ha ropa medan dei kasta steinar og slo den tidlegare transportministeren med pinnar under ein markering mot regjeringa sin sparepolitikk.

Eks-ministeren hadde andletet dekka med blod då han omsider greidde å rømma inn i ein bygning i nærleiken.

Video Demonstrasjoner i Athen

Greske demonstrantar er på krigsstien, og har gjort Athen om til ei slagmark.

Streikar mot nedskjæringar

Greske arbeidarar er i harnisk over regjeringa sin instrammingspolitikk. Ei rekkje sparetiltak er innført for å få landet ut av den djupe økonomiske krisa det er i. Det har ført til valdelege opptøyar, og landsomfattande streikar lammar no landet.

Tom flyplass i Athen

I Athen og Tessaloniki er alle fly-, tog- og ferjeavgangar onsdag råka av ein 24 timar lang streik i transportsektoren.

Foto: Thanassis Stavrakis / Ap

Onsdag er fly sett på bakken, skular er stengde og offentleg transport står bom stille.

– Folket har fått nok. Sinnet er så stort at ingen kan stanse det. I dag er ei åtvaring for det som vil kome etter jul, sa Illias Illiopoulos, generalsekretær i ADEDY, til Reuters.

Sette luksushotell i brann

I tillegg til ministeren vart minst tre personar skada under demonstrasjonen, og rundt 20 aksjonistar vart arrestert av gresk politi.

Politiet brukte tåregass mot demonstrantar som kasta bensinbomber mot to luksushotell ved Syntagma-plassen i nærleiken av nasjonalforsamlinga. Ein av balkongane skal ha teke fyr, melder Reuters.

Dusinvis av aktivistar kasta også fleire brannbomber mot ein bil. Politet svarte med fleire tåregass-rundar, som fylte området med tett røyk.

Streik i Aten.

Demonstrantane ropte slagord medan opptøyane.

Foto: Kostas Tsironis / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt