Hopp til innhold

Gresk hotelldirektør: – Gler meg til å sjå mine norske vener igjen

Kreta er ei av dei europeiske ferieøyene som blir grøne frå i dag. Det betyr at nordmenn slepp innreisekarantene når dei kjem heim. På Kreta ventar ein hotelldirektør spent på norske turistar.

Manolis Giannoulis

Hotelldirektør Manolis Giannoulis gler seg til å ta i mot norske gjestar igjen i Chania på Kreta.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Han har førebudd hotellet sitt i fleire månadar. Hotelldirektør og leiar for hotellforeininga, Manolis Giannoulis, gler seg over at han fekk lov til å opne hotellet sitt Cavo Spada i Chania, Kreta for tre dagar sidan. Og enda gladare blir han når NRK fortel at norske styresmakter har gjeve Hellas status som grønt land:

– Eg saknar nordmenn veldig mykje. Vi har veldig nære band til Noreg og vi har mange nordmenn som kjem hit år etter år. Eg håpar at situasjonen vil bli betre slik at dei kan få ein perfekt ferie!

Vanlegvis er det rundt 130.000 norske gjestar i Chania på Kreta om sumaren, men pandemien sette ein brutal stoppar for dette.

Roger Severin Bruland

NRKs Syden-reporter Roger Sevrin Bruland på bassengkanten i Chania, Kreta.

Foto: NRK

Krav for å unngå smitte

Giannoulis fortel at han og alle i turistnæringa vil gjere alt dei kan for å gjere ferien så trygg som råd.

– Sjukehusa både offentlege og private er i beredskap om det verste skulle skje, men rundt 90 % av dei som jobbar på hotella i området er vaksinerte, og dei uvaksinerte blir testa to gangar i veka.

Les: Fra mandag farges store deler av Europa grønt

Les: Dette kan stoppe reisen selv om du har koronapass

Det er krav om bruk av munnbind innandørs, og hotellnæringa understrekar at dei legg stor vekt på å desinfisere alle hotellrom og fellesareal.

Nye reglar frå midnatt

Frå midnatt kom det nye reglar for karantene og innreiserestriksjonar. Det gjorde at ei rekke land, blant dei Hellas, blei grøne. Det vil seie at ein slepp karantene når ein kjem til Noreg.

Men sjølv om det no blir lettare å reise på sommarferie, oppfordrar helsestyresmaktene dei som skal ut og reise om å sette seg godt inn i kva innreisereglar som gjeld for landet ein reiser til.

På Gardermoen gjer eit førtitals norske turistar seg klar til å reise med Norwgian sitt direktefly til Chania.

– Etter eit år på heimekontor og ferie i Noreg var det på tide å reise. No treng vi sol og sommar, no treng vi livet ved stranda, fortel Geir O. Harnes og Anja Hegg til NRK.

Geir O. Harnes og Anja Hegg

Geir O. Harnes og Anja Hegg sette kurs for Chania i Hellas måndag.

Dei er begge fullvaksinerte, og kjenner seg trygge når dei endeleg skal ut på tur.

– Eg tenker det ikkje blir noko stort problem. Dei fleste som jobbar i gresk turistindustri er også vaksinerte. Så eg tenker det er trygt og godt, og sikkert å reise.

SISTE NYTT

Siste nytt