Greenpeace: – Sjokkerande funn av mikroplast i Antarktis

Greenpeace slår full plast-alarm i Antarktis. Miljøorganisasjonen har funne mykje meir plast enn det dei hadde venta. I dag blir Verdshavas dag markert over heile verda.

Antarktis

Adelie-pingvinane på Antarktis kan kome til å betale prisen for vårt plastforbruk.

Foto: Frederique OLIVIER / AFP

I perioden januar til mars var Greenpeace på tokt i Antarktis. Der tok dei blant anna prøver av snø og vatn for å kartlegge forureininga av mikroplast og kjemikaliar.

Resultata er nedslåande: Sju av åtte prøver av vassoverflata i Sørishavet inneheld mikroplast.

– Dette er sjokkerande funn, seier Truls Gulowsen, leiar i Greenpeace Noreg, i ei pressemelding.

Henderson Island

Ein eremittkreps på øya Henderson i Stillehavet har funne seg ny bustad.

Foto: Jennifer Lavers / AP

Verdshavas dag

I dag blir Verdshavas dag markert verda over.

«World Ocean Day» blei etablert 8. juni 1992 ved Rio-konferansen i Brasil for å heidra verdshava, livet i dei og det dei gjer oss, slik som sjømat.

Svenske Frida Bengtsson har jobba for Greenpeace Noreg og var med på toktet til Antarktis.

– Vi treng å handle no for å redusere forureining av mikroplast og vi må få på plass marine verneområde for å beskytte havmiljøa, seier Frida Bengtsson.

null

Det ser nydeleg ut på overflata, men under isen er vatnet forureina av mikroplast.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Det er gjort eit avgrensa tal analysar av mikroplast i Antarktis, og Greenpeace sine undersøkingar gir difor viktig kunnskap om emnet.

I april vart det slått full alarm etter at det vart oppdaga store mengder mikroplast i Arktis.

Bekreftar tidlegare funn

Geir Wing Gabrielsen er seksjonsleiar for miljøgifter og seniorforskar ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø. Han seier at rapporten til Greenpeace bekreftar dei studiane som allereie er publiserte på området, som også viser funn av mikroplast i Antarktis.

– Omfanget i Antarktis er stadig mindre enn det vi har på den nordlege halvkule, men ein forventar ein auke i sør ettersom dei store straumvirvlane i verdshava bærer med seg avfall, seier Geir Wing Gabrielsen.

Den største spenninga på feltet no er knytt til om ein også vil sjå mikroplast i sjøisen i Antarktis, slik ein har sett i Arktis.

– Spørsmålet er om dette har kome med havstraumane og enda opp i isen. Vi veit allereie at mindre plast kjem med luftstraumane og fell ned på isen, forklarer Geir Wing Gabrielsen.

Geir Wing Gabrielsen

Geir Wing Gabrielsen ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø seier rapporten til Greenpeace bekreftar andre studiar på feltet.

Foto: Petter Strøm / NRK

Kan påverke åtferd

Plast i form av veldig små partiklar, såkalla nano- og mikropartiklar, forureinar det marine miljøet.

Geir Wing Gabrielsen påpeiker at ein førebels veit lite om korleis nano- og mikroplast påverkar marine organismar, men at forskarar jobbar på spreng.

– Det blir forska på om nanoplast kan gå inn i blodet ved å passere blod-hjernebarrieren, og såleis påverke også åtferd, noko som ville vere svært alvorleg, påpeiker Geir Wing Gabrielsen.

Skuldar på fiskeindustrien

Fiskeindustrien bidrar til at det er så mykje søppel og mikroplast i Antarktis.

Dei etterlet seg fiskenett, bøyer, og presenning, som ligg og flyt oppå vatnet, noko som verkeleg er trist å sjå.

– Mykje av det vi fann tok vi opp av havet, men funna gjorde det klart for meg at vi må stenge viktige naturområde for industrifisken, om vi vil beskytte miljøet, seier Frida Bengtsson.

New Zealand Emperor Penguin

KAN FÅ LEVERSKADE: Greenpeace har funne så mykje mikroplast i Antarktis, at dei fryktar dyra der kan få leverskadar.

Foto: Mark Mitchell / Ap

Greenpeace sine undersøkingar viste også at sju av ni snøprøver inneheld spor av plastkjemikaliar.

Dette er giftige kjemikaliar av typane PFAS og PFC, funne i snøen i aude område på kontinentet. Fleire av prøvane vart tatt av nysnø, noko som tyder på at kjemikaliane stammar frå forureina nedbør.

– Antarktis kan sjå ut som urørt villmark. Men også denne enden av verda er allereie forureina av miljøgifter frå tekstilindustrien og restane av plast-galskapen, seier Thilo Maack frå Greenpeace til NTB.

Dyrestudium har vist at stoffa har forårsaka leverskadar på dyr og at dette kan gi fosterskadar hos pattedyr.

Henderson Island

Forskarar fekk sjokk då dei oppdaga alt søppelet på den ubebudde øya Henderson i Stillehavet for nokre år sidan.

Foto: Jennifer Lavers / AP

Plastsøppel funne på det djupaste havdjup

Lista over avsidesliggjande stadar på kloden der det er funne plastrestar og anna forureining veks dermed.

Tidlegare i år vart det kjent at plastsøppel var funne på det djupaste havdjupet i verda, og på ein av dei mest avsidesliggjande øyane i verda.

På øya i Stillehavet fann forskarar 18 tonn plast.

Plastforureininga har fått større merksemd etter at ein sjuk kval vart funnen med magen full av plastposar på Sotra utanfor Bergen i fjor.

Enorme mengder plast hamnar kvart år i naturen i store delar av verda. Den global plastproduksjonen, som i fjor låg på 8 milliardar tonn, er anslått å auke til 34 milliardar tonn i 2050.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen

SISTE NYTT

Siste nytt