Hopp til innhold

Gravla born etter skulemassakre

Sjokk, sorg og sinne har prega Brasil døgnet etter massakren på ein barneskule i Rio de Janeiro. I dag blei dei første borna gravlagde.

Brazil School Shooting

Slektningar sørgjer over tapet av skuleeleven Rafael Pereira da Silva som offer for ein skulemassakre i Rio de Janeiro torsdag.

Foto: Felipe Dana / Ap

Pårørande samla seg fredag til dei første gravleggingane etter torsdagens massakre på Tasso da Silveira barneskule i Rio de Janeiro.

Slekt og vener tok eit siste tårevått og hjarteskjerande farvel med sine kjære, då dei klynga seg saman rundt opne kister pynta med kvite roseblad.

– Ho var så søt og fredsommeleg. Ei ekte pappajente som ønskte å tene i marinen, sa tanta til Laryssa da Silva Martins som ikkje blei eldre enn 13 år.

– Hjartelaust og grufullt

Gravferd etter massakre i Brasil

Ein mann sit ved grava til ei 15 år gammal veninna som mista livet i gårsdagens skytedrama.

Foto: SERGIO MORAES / Reuters

Martins var ei av i alt elleve tenåringar i alderen 13 til 15 år som i går blei tilfeldige offer for den verste skulemassakren i Brasil si historie. Ti av ofra var jenter, to var gutar, inkludert gjerningsmannen sjølv.

Gjerningsmannen, ein 23 år gammal tidlegare elev ved skulen, spaserte målretta opp til tredje etasje og skaut rundt seg.

Fredag var 11 av dei 12 drepne identifiserte av familie og slektningar. Framleis ligg 11 tenåringar på sjukehus. Nokre av dei er alvorleg skadde.

Under fredagens gravferder gav dei pårørande uttrykk for både sorg, sinne, frustrasjon og vantru.

– Det han gjorde var hjartelaust og grufullt. Han har øydelagt familien vår, sa ein av dei sørgjande etter seremonien.

– Spesielt retta mot jenter

Personar som kjente til gjerningsmannen, som også tok sitt eige liv, skildrar han som ein inneslutta, vennelaus person som blei mobba på skulen og ofte audmjuka av jenter.

Ifølgje augevitne var det også jenter det gjekk verst utover då skytedesperadoen slo til.

– Han tok livet av jentene med skot mot hovuda. Gutane skaut han berre i armar og bein for å skada dei, seier Mateus Moraes (13) til den brasilianske avisa O Día.

Video Skyting på skole i Rio de Janeiro, Brasil

Politi og brannmenn kom raskt til staden, men klarte ikkje å hindra mannen i å drepa seg sjølv og 11 andre på ein skule i Rio de Janeiro torsdag.

– Sa han skulle drepa oss alle

Fleire overlevande etter massakren fortel om traumatiske minne. Dei hugsar kaoset og hysteriet som braut ut idet den velkledde, væpna mannen gav ungdommane ordre om å lata att augo og stilla seg langs veggen fordi dei skulle døy.

– Han kom inn i rommet og sa at skulle drepa oss alle. Eg trudde eg skulle døy, seier ei 12-år gammal jente som ikkje vil tilbake på skulen etter den grufulle hendinga ho var vitne til der.

Ein heil nasjon er no i sjokk og i djup sorg etter gårsdagens tragedie. Heller ikkje den brasilianske presidenten Dilma Rousseff greidde å halda tårene tilbake då ho i går erklærte tre dagars landesorg.

– Liv og framtid til uskuldige born har gått tapt. Denne type ugjerning er ikkje noko vi opplever ofte her i Brasil, sa presidenten.

BRAZIL-MASSACRE/

Pårørande i sorg under ei gravferd i Rio de Janeiro.

Foto: RICARDO MORAES / Reuters

Korstog mot våpen

23-åringen som stod bak blodbadet brukte to pistolar til å drepa ungdommane før han, etter å ha vorte skadeskoten av ein politimann, retta revolveren mot sin eigen tinning og tok sitt eige liv.

I delstaten Rio de Janeiro er om lag 580 000 illegale handvåpen i omlaup. Dei ulovlege våpna kjem i tillegg til dei 225 000 lovleg registrerte i regionen, ifølgje tal frå den brasilianske staten.

Den brasilianske justisministeren lovar no at regjeringa vil gå inn for eit korstog mot det omfattande illegale våpenhaldet i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt