Hopp til innhold

Gravide Kate føler seg betre

Hertuginna av Cambridge, Kate, føler seg stadig betre etter at ho blei innlagt på sjukehus, ifølgje ei kunngjering frå St. James' Palace.

Kate Middleton og Prins William

KVALME: Hertuginne Katherine Middleton er innlagt på sjukehus med alvorleg kvalmesjukdom på grunn av graviditeten, men no kjenner ho seg betre.

Foto: BEN STANSALL / Afp

Katherine, som er gift med Storbritannias prins William, blei måndag innlagt på eit privat sjukehus i London på grunn av alvorleg kvalme i samband med at ho er gravid.

LES: William og Kate skal bli foreldre

William og Kate kysser

VERTANDE FORELDRE: Prins William og hertuginne Katherine skal bli foreldre, og barnet blir tronarving uansett kjønn

Foto: EBU

– Paret er svært takksam for alle gode ønskjer dei har fått, heiter det i fråsegna frå talsmannen på slottet tysdag. Han seier også at Kate førebels vil bli verande på sjukehuset.

Kan vere farleg

Hertuginna er råka av sjukdomen hyperemesis gravidarium. Tilstanden blir kjenneteikna av veldige og tilbakevendande brekningar i svangerskapet. Det kan vere farleg fordi den gravide ikkje klarer å halde på mat og drikke.

LES: Spyr seg frem til uke 20 - eller mer

Statistisk sett får berre éin av 50 gravide desse plagene, men mindre enn ein prosent av desse igjen må på sjukehus. Truleg har ein i dette tilfellet ikkje ønskt å ta sjansar, sidan det er snakk om eit medlem av kongehuset.

Slutt på kvinnediskriminering

Same dag blei det klart at alle medlemslanda i Samveldet er samde om å få igjennom ei ny lov som får slutt på diskrimineringa av kvinner når det gjeld kven som skal arve den britiske trona.

Visestatsminister Nick Clegg seier at han vil leggje fram lovforslaget i Underhuset så fort som mogleg, fortel BBC.

Barnet blir tronarving uansett kjønn

Den nye lova vil innebere at det første barnet til prins William og Kate vil bli tronarving, enten det blir ei jente eller ein gut.

Prins William har vore fleire timar på King Edward VII Hospital saman med kona si både måndag og tysdag. Då han kom tysdag, gjekk han rett forbi pressekorpset utan å seie eit ord.

Kate har vore gravid i mindre enn tolv veker, og det er ikkje kunngjort nokon termin for fødselen.

SISTE NYTT

Siste nytt