Normal

Gravid kvinne drepen – sambuar-par sikta for drap og bortføring av barnet

22 år gamle Savanna Greywind var gravid i åttande månad då ho forsvann frå Fargo i Nord-Dakota 19. august. Søndag vart ho funnen drepen. Politiet trur eit par i nabolaget drap henne og tok det nyfødde barnet.

Savanna Greywind funnen drepen i Red River.

Drapet på Savanna Greywind (t.v.) har vekt sterke reaksjonar. Naboar i Fargo starta spontane støttedemonstrasjonar for den 22 år gamle kvinna.

Politiet i Fargo opplyser at dei ser på saka som drap og bortføring. Ein 32 år gammal mann og ei 38 år gammal kvinne er fengsla. Dei har gitt sprikande forklaringar på korleis dei plutseleg hadde eit nyfødd barn hos seg, etter at dei hadde besøk av Savanna Greywind like før ho vart meldt sakna.

Savanna Greywind

Savanna Greywind vart meldt sakna 19. august. Søndag 27. august vart ho funnen drepen i Red River.

Foto: AP

Politiet trur det vesle barnet er dottera til den 22 år gamle kvinna, men dei ventar enno på resultatet av ein DNA-test som kan slå det fast 100 prosent.

Vedgår besøk

Den 38 år gamle sikta kvinna har sagt til politiet at ho fekk besøk av Greywind dagen ho vart meldt sakna. Ho har forklart at ho instruerte den høggravide kvinna i korleis ho kunne setje i gang ein fødsel.

To dagar etterpå, har ho forklart, kom kvinna igjen og gav henne det nyfødde barnet. Ifølgje avisa Minneapolis Star Tribune skal ho ha vedgått å ha påverka Savanna Greywind til å gi frå seg barnet, slik at ho kunne fostre det opp som sitt eige.

Dei nektar for å ha teke livet av Savanna Greywind.

Fargo-politiet fann ingen teikn til «kriminell aktivitet» i husværet til paret som no er sikta i saka. Liket av den 22 år gamle kvinna vart funne av kajakkpadlarar i Red River søndag kveld.

Den 32 år gamle sikta mannen har forklart at då han kom heim frå jobb ei dag, så heldt den 38 år gamle sambuaren hans på å vaske bort blod frå badet. Ho viste fram det nyfødde barnet og sa det var deira.

Til minne om Savanna Greywind.

Drapet på Savanna Greywind har vekt sterke reaksjonar i USA. Her har naboar i Fargo sett opp ein spontan minnestad for henne.

Foto: Dave Kolpack / AP

Dumpa blodige handkle

Han har samstundes vedgått at han har dumpa blodige handkle og sko i ei søppelfylling.

Fargo-politiet kom på sporet av sambuarparet etter at dei publiserte bilete av ein bil dei meinte kunne ha noko med forsvinninga til Savanna Lafontaine-Greywind å gjere. Dei undersøkte husværet deira alt 24. august, og då var barnet der.

Politiet har sperra av eit nedlagt gardsbruk like ved Moorhead i Minnesota. Dei jobbar etter ein teori om at drapet skjedde der.

Fargo ligg i Nord-Dakota like ved delstatsgrensa til Minnesota.

Ashton Matheny var kjærasten til Savanna LaFontaine-Greywind og faren til barnet. Han er fullstendig knust.

– Verda mi har rasa saman. Dei tok livet mitt frå meg, seier han til St. Paul Pioneer Press.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt