Hopp til innhold

Gravferdsbyrå innrømmer at dei selde kroppsdelar

Eigaren av eit gravferdsbyrå i USA innrømmer at dei har selt hovud, armar, bein og ryggrader på avdøde menneske som skulle blitt kremerte.

Megan Hess eig Donor Services.

TENTE GODT PÅ KROPPSDELAR: Megan Hess har endra forklaring, og innrømmer straffskuld. No risikerer ho 12–15 år i fengsel. Bildet er frå eit intervju i 2016.

Foto: Mike Wood / Reuters

Megan Hess (45), eigar av gravferdsbyrået Sunset Mesa i Colorado, USA, har tysdag kjent seg skuldig i å amputere og selje kroppsdelar frå døde menneske.

Dette har dei gjort utan løyve frå pårørande, skriv Reuters, som avdekka praksisen i 2018. Pengane har dei tatt sjølv.

Ifølge justisdepartementet har Hess stole kroppsdelane til «hundrevis av offer», for deretter å selje leivningane til vitskapelege og medisinske formål. Hendingane i tiltalen skjedde mellom 2010 og 2018.

– Eg har brote grensa for samtykke, og eg prøver å gjere det riktig igjen, sa Hess i retten tysdag.

Aktoratet meiner Megan Hess har fått hjelp av mor si, Shirley Koch, som jobbar i same bedrift. Ho nektar straffskuld, men har ein såkalla «change-of-plea»-høyring 12. juli.

Fekk tørrbetong i staden for osker

Mora og dottera skal ha spurt dei pårørande om dei ønska å donere kroppsdelar frå den avdøde til vitskapelege formål. Ofte tilbydde dei ein rabattert pris på kremasjonen dersom dei valte å donere.

Somme gonger takka pårørande nei, andre gongar blei dei ikkje spurt i det heile tatt, viser etterforskinga til FBI.

Oskene blei levert til familiane, som trudde at dei hadde fått tilbake leivningane til den avdøde – noko som ikkje alltid stemte.

I eitt tilfelle fekk familien tørrbetong i staden for oska til slektningen, skriv Reuters.

Bygningen til "The Sunset Mesa Funeral Directors and Donor Services" i Montrose, Colorado, USA.

Ifølge nettstaden til gravferdsbyrået har eigar Megan Hess ein doktorgrad i gravferdsvitskap. Denne graden finst ikkje, heller ikkje i USA.

Foto: RICK WILKING / Reuters

Hess måtte også forfalske dei pårørande sine underskrifter for å kunne selje kroppane.

Dei store inntektene som kom frå sideverksemda gjorde at Hess kunne tilby dei billigaste kremasjonane i regionen, noko som igjen førte til at mange valte å sende sine avdøde dit.

Likevel måtte folk punge ut med opptil 1000 dollar for ein kremasjon som aldri fann stad.

Gulltenner gav Disneyland-ferie

I USA er det lov å kjøpe og selje kroppsdelar for bruk i forsking og utdanning. I ein del statar, som Colorado, har gravferdsbyråa også lov til å selje gjenstandar funne på døde menneske. Det inkluderer blant anna gull frå tennene.

Kari Escher, ein tidlegare tilsett Reuters har vore i kontakt med, har spesielt reagert på handlingane til Shirley Koch, Megan Hess si mor.

– Ho viste meg samlinga si av gulltenner ein dag, fortel Escher.

Kremasjonsovn

I kremasjonsomnen blir lika brent i ein temperatur på rundt 1000 grader. Ikkje alle familiar fekk riktige osker tilbake.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Ho hevdar at Koch regelmessig trekte tenner frå lika for å få ut gullet i kronene eller fyllingane.

– Ho hadde selt ei anna samling tidlegare, og dei tok med heile familien til Disneyland i California på gullet dei innkasserte.

Ein blomsterdekoratør som jobba for bedrifta la også merke til at Hess ofte skrytte om kor lukrativt det var å selje kroppsdelar. Ein månad skal tente dei 40.000 dollar på det, skal Hess ha fortalt.

Det er ikkje kjent korleis Hess og Koch stiller seg til desse skuldingane.

Tok bestilling på e-post

Reuters har ikkje lukkast i å finne eit anna selskap i USA som huser både eit gravferdsbyrå, krematorium og såkalla «kroppsmekling». Alt i same bygg og under same eigarskap.

Bransjeorganisasjonen for gravferdsbyrå i USA har også peika på interessekonflikten i bedrifta.

– Det er ingen etikk når ein gjer det (å ha både gravferdsbyrå og å selje kroppsdelar, journ. merk.). Ein ser på korleis å tene pengar, seier direktør Steve Palmer.

Det er ulovleg å kjøpe eller selje organ som hjarter, nyrer og lever. Amerikanske myndigheiter har ei streng regulering når det kjem til organdonasjon, men i praksis kan kven som helst amputere og selje kroppsdelar.

I eit intervju frå 2016 skildrar Hess selskapet som «eit lite familiebedrift». Då fortalde ho at ho og mora tok hand om rundt ti lik i månaden, medan faren dreiv krematoriet. Bestillingane for kroppsdelane skal ho ha tatt på e-post.

Justisdepartementet opplyser om at dommen mot Hess kjem på eit seinare tidspunkt.

Dropper USAs nasjonaldag Har ikke noe å feire i dag

Tre jenter for abort

SISTE NYTT

Siste nytt