Hopp til innhold

Gravferda for Gaddafi er utsett

Store folkemengder har i natt vore ute i gatene i den Libyske hovudstaden Tripoli og feira at Muammar Gaddafi er død. Men eks-diktatoren vil ikkje verte gravlagd på fleire dagar, seier dei nye leiarane i landet.

Video b12ec869-18da-4c34-a709-52d45194e163.jpg

KLIKK FOR VIDEO: Det var jubel og gledestårer over heile Libya i natt.

Tidlegare vart det meld at Gaddafi skulle gravleggjast på ein hemmeleg stad allereie i dag.

Holdes i fryseren

– Gravferda er utsett nokon få dagar. Gaddafi sin kropp vil verte verande på likhuset til det er kjend kor han vil verte gravlagd, sa overgangsrådet sin oljeminister Ali Tarhouni til pressa fredag.

Liket er no i Misrata, ifølgje oljeministeren.

– Eg spurde dei om dei kunne halde det i frysaren eit par dagar. Så alle kan vere sikre på at han er død, sa Tarhouni.

Samstundes melder opprørsstyrkane sin talsmann Abdul-Salam Eleiwa at Gaddafi vil verte gravlagd innan dei neste 24 timane.

– Ikkje drep meg

Det var då opprørsstyrkane endeleg var ferdige med å erobre dei Gaddafi-tru styrkane sin siste skanse i Sirte, at Gaddafi sjølv vart dregen ut frå eit røyr der han hadde gøymt seg.

«Ikkje drep meg, mine søner», skal han ha trygla om til soldatane. I løpet av ein time var han død.

– Me kunngjer overfor verda at Gaddafi har døydd i revolusjonens varetekt. Det er ein historisk augneblink. Det er slutten på tyranni og diktatur, sa talsmann for overgangsrådet, Abdel Hafez Ghoga i Benghazi.

Glede i landet

INDIA-LIBYA-CONFLICT-KADHAFI INDIA-LIBYA-CONFLICT-KADHAFI

Avisforsider over heile verda er i dag prega av Gaddafi sin død. Her frå ei indisk storavis.

Foto: INDRANIL MUKHERJEE / Afp

Jubelscenane i Libya var mange etter at det vart kjent at den hata diktatoren var død. Også i nabolanda var det euforiske gledesscenar å sjå.

– Tårene strøymde nedover kinna på ei libysk kvinne som eg nettopp snakka med. Det var gledestårer, og ho greidde ikkje seie anna enn «Gaddafi, Gaddafi», seier NRKs Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen på telefon frå Tunisia, nabolandet til Libya.

I Tripoli sa den fungerande statsministeren Mahmoud Jibril at leiaren for Overgangsrådet, Mustafa Abdel Jalil, fredag skulle erklære at opprøret er over og Libya fritt, og at vegen er open mot ei interimsregjering og demokratiske val.

Seint i går heldt Jalil ein pressekonferanse, der han også sa at han ønskjer å forlate stillinga si i overgangsrådet så snart han kan.

(artikkelen held fram)

LIBYA/ An anti-Gaddafi fighter shouts "Allahu akbar" (God is great) as he celebrates the fall of Gaddafi in Sirte

Ein ekstatisk anti-Gaddafi-soldat feirar Gaddafi sin død.

Foto: SAAD SHALASH / Reuters

Tyder på hemmeleg gravferd

Den blodige og halvnakne kroppen til eks-diktatoren vart i går frakta til Misrata vest for Sirte.

Ifølgje offisielle kjelder Reuters har snakka med, vil Gaddafi bli gravlagd på ein hemmeleg måte. Det er førebels uvisst kvar og kva tid gravferda vil skje, men libyske styresmakter seier at gravferda vil ta utgangspunkt i muslimske tradisjonar.

Ifølgje Al-Jazeera ville ikkje Mahmoud Jibril torsdag kveld svare direkte på spørsmål om kva som ville skje med Gaddafi.

– Det speler inga rolle, så lenge han forsvinn.

Det er likevel sannsynleg at gravferda vil skje i byen Misrata i løpet av dagen. Islamsk skikk seier at dei døde skal bli gravlagd i løpet av 24 timar.

Det er i islamsk tradisjon ikkje naudsynt å ha ein iman til stades, men at rituala vert utførd av ein muslim som kan dei grunnleggjande reglane for muslimsk gravlegging. Ifølgje islamsk tradisjon skal den døde bli vaska, kledd i kvite klede og bli beden for.

Eit vendepunkt

Libya

Gaddafi sine siste minutt med fridom brukte han i dette røyret i byen Sirte.

Foto: PHILIPPE DESMAZES / Afp

Midtausten-korrespondent i NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen, seier at Gaddafi sin død markerer eit vendepunkt for situasjonen i Libya.

– Det er definitivt eit vendepunkt, og eit punktum for denne krigen. Han blei ikkje teken aleine, men heile hans indre krets var teken. Det er svært lite igjen av regimet no, og ikkje mange stadar å gøyme seg.

Mikkelsen trur ein av dei største utfordringane for landet framover blir å få til eit ryddig oppgjer med Gaddafi-tilhengjarane.

– Det store spørsmålet er korleis sigersherrane vil behandle Gaddafi-tilhengjarane. Men det lovar ikkje veldig bra. Måten Gaddafi vart behandla i går vitnar om mykje vondt blod her i Libya. Dersom landet ønskjer å vere ein del av verdssamfunnet, må dei løyse dette på ein ordentleg måte.

Usikre omstende rundt døden

Det er klart at Gaddafi vart drepen i eit forsøk på å rømme frå den siste bastionen i Sirte, men omstenda rundt døden er førebels uklare.

Jibril seier Gaddafi vart skoten i hovudet under skotveksling mellom Gaddafi-støttespelarar og NTC-soldatar.

Det kan likevel ikkje utelukkast at ein av NTC-soldatane eller ein av hans bitre motstandarar såg sitt snitt til å skyte han i kaoset som oppsto.

Det er også kome fleire stillbilete av den døde diktatoren, som skal ha vorte skoten både i beina og i hovudet då NATO-fly gjekk til åtak på konvoien han sat i på veg ut av fødebyen Sirte torsdag.

Samtidig viser ein amatørvideo at Gaddafi var i live etter at han vart fanga.

LIBYA/ Men take pictures of Muammar Gaddafi's corpse displayed at a house in Misrata

Mange ville posere framføre liket til Gaddafi torsdag kveld.

Foto: THAIER AL-SUDANI / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt