Gravferda startar klokka 10, blir det opplyst frå Vatikanet.
- Vi legg planar ut frå at to millionar menneske kjem til Roma for å vere med på gravferda til Den heilage far, seier Romas borgarmeister Walter Veltroni til nyheitsbyrået AFP.
Statsleiarar
Ein mann i bøn på Petersplassen i dag tidleg. (Foto: Reuters/Scanpix)
I tillegg er over 200 politiske toppleiarar frå heile verda venta til den italienske hovudstaden i samband med gravferda. USAs president George W. Bush vil delta, og er då den første amerikanske president som deltek i gravferda til ein pave nokon gong.
I tillegg er eks-presidentane George Bush sr. og Bill Clinton også venta til den evige stad.
Dette kjem i tillegg til dei aller fleste statsministrar og presidentar frå Europa. Både Storbritannias statsminister Tony Blair, Frankrikes president Jaques Chirac og Tysklands forbundskanslar Gerhard Schröder kjem til gravferda saman med dei aller fleste av sine europeiske kollegaer.
Bondevik
Den norske regjeringa har ikkje bestemt kven som skal representere Noreg i paven si gravferd, men det er venta at iallefall statsminister Kjell Magne Bondevik vil reise. Truleg vil også kongefamilien bli representert.
Det store oppbodet av statsleiarar og politiske toppleiarar gjer at italienske styresmakter får ei unik tryggingsmessig utfordring.
Det blir sett inn store ekstra politistyrkar, og luftforsvaret vil starte overvaking av Roma frå lufta. I tillegg er det venta at Schengen-avtalen blir oppheva for nokre dagar, slik at det blir passkontroll ved grenseovergangane slik det var før Schengen.
Polen
Det har gått rykte om at paven skal greavleggjast i Polen, men i ettermiddag gjorde Vatikanet det klart at Johannes Paul II skal gravleggjast i krypten under Peterskyrkja saman med 160 andre tidlegare pavar, blant dei St. Peter, den første paven.