Hopp til innhold

Gratulerer med kvinnedagen, helsing den russiske hæren!

Den russiske hæren feirar kvinnedagen og har sendt ut ein biletserie - noko utanom det vanlege.

Bilde frå Ap

KVINNEDAGEN: Ballerinaer og russiske soldatar.

Det er 8. mars, og det skal feirast.

Rekrutteringskontoret til hæren i Russlands fjerde største by, Jekaterinburg, bestilte ein eigen biletserie i høve kvinnedagen.

Men i staden for å be nokre av dei 45.000 kvinnene som jobbar i det russiske militæret om å stille, henta kontoret – ifølge nyheitsbyrået AP – inn ballerinaer. Som poserer med mannlege soldatar i full utrusting.

Bilder frå Ap

Lang veg å gå

For mange understrekar biletserien noko anna enn det som sikkert var intensjonen. For sjølv om det er kvinner i framskotne posisjonar i det russiske samfunnet, som sjefen i sentralbanken, har Russland ein lang veg å gå, ifølge kvinneaktivistar.

– I vesten er det samhald mellom kvinner og dei forstår at kvinner står sterkare når dei står saman, seier advokat Alyona Popova til AP.

Bilder frå Ap

ADVOKAT OG AKTIVIST: Alyona Popova

– Men her i Russland, etter Sovjetunionens fall, er mentaliteten at alle er på eiga hand. Og sidan alle skal tenke primært på seg sjølve, står alle aleine, seier ho.

Vald i heimen

8. mars er fridag i Russland. President Vladimir Putin held ein tale som priser kvinnene på kvinnedagen. Men mykje er galt, ifølge aktivistane. I 2017 vedtok det russiske parlamentet å avkriminalisere vald i heimen dersom valden ikkje gav store fysiske skader.

Popova meiner dette var eit steg i feil retning, og førebur no eit utkast til ein ny lov som igjen kriminaliserer vald i nære relasjonar.

Kvinnene har sjølv eit ansvar

Zalina Marshenkulova, ein 32 år gamal feminist og forfattar, meiner det i Russland ikkje er noko reell forståing for kva seksuell trakassering av kvinner er.

Bilde frå AP

FORFATTER OG AKTIVIST: Zalina Marshenkulova

– Kvinnene sjølv tenker dessverre ofte; kva meiner du, kva er poenget med min eksistens dersom ikkje mennene gjer tilnærmelsar, seier ho.

Ifølge aktivistane er spørsmål som lik løn for likt arbeid nesten fråverande i russisk debatt, men dei meiner det er håp. Alyona Popova set sin lit til den yngre generasjonen som hentar informasjon via nettet.

– Vi kan slå fast at den yngre generasjonen har ei større forståing. Vi veit ikkje korleis framtida vil bli, men denne generasjonen har dette i blodet på ein heilt annan måte, seier ho til AP.

Gratulasjonshelsing

Enn so lenge heiter det følgande i gratulasjonstelegrammet frå hærens rekrutteringskontor i Jekaterinburg:

«Mennenes styrke ligg i kvinnenes ømhet og kjærleik».

Bilder frå Ap

SISTE NYTT

Siste nytt