Hopp til innhold

Granatfunn ved luksusvillaen til Zlatan

Svensk politi sperra søndag av eit område rundt luksusvillaen til fotballstjerna Zlatan Ibrahimovic i Malmø etter meldingar om granatfunn. Bombeteknikarar har har no konkludert med at det var ein granat, men at den ikkje er farleg.

Zlatan Ibrahimovic

Politiet sette opp sperringar rundt den svenske fotballspelaren Zlatan Ibrahimovic sitt hus i Malmø etter eit granatfunn søndag.

Foto: Francois Mori / Ap

Det var ein privatperson som melde frå om funnet til politiet klokka 14.45 søndag. Personen skal ha funne ein gjenstand som liknar på ein mindre, eldre granat då han gjekk tur langs Ribersborgstranda like ved Zlatan sitt hus.

Svensk politi rykte ut til området og stadfesta sjølve funnet. Bombegruppa sin ekspertise måtte til for å få avkrefta at objektet var farleg.

– Det er eit heilt prosjektil, men utan sprengstoff i. Me tek det med oss til destruering slik at ingen andre kjem over den, men den er heilt ufarleg, seier ein av bombeteknikarane på staden tilden svenske avisa Expressen like etter klokka 17.

Mistenkjer ikkje drapsforsøk

– Det er ein avlang gjenstand, drygt ti centimeter stor, opplyste talsmann Nils Norling i politiet til Aftonbladet tidlegare søndag.

Korleis granaten hamna på stranda nær Zlatan sitt hus, er framleis uvisst.

Men det tok ikkje lang tid frå varslinga om det potensielle granatfunnet var ute i svenske media til det blei spekulert i om dette var eit attentat mot fotballstjerna, som spelar for det franske laget Paris Saint Germain og for det svenske landslaget.

Politiet i Malmø kunne raskt avkrefta at det var snakk om eit drapsforsøk.

– Det har ingenting med den aktuelle eigedomen å gjera, sa Norling til Expressen.

Føremålet med politisperringane var å sikra området rundt det mystiske objektet, la Norling til.

Ribersborg

SISTE NYTT

Siste nytt