NRK Meny
Normal

Granat i restaurant nær ferieby

Ti personar er såra i eit granatåtak mot ein restaurant like utanfor den populære feriebyen Mombasa i Kenya.

Dei tre angriparane kom køyrande på motorsykkel og kasta ein handgranat inn i restauranten torsdag morgon, ifølgje politiet.

– Det eksploderte i baren og rundt ti menneske blei skadde, seier Jack Ekakuro, den lokale politisjefen i Dani sør for Mombasa til nyheitsbyrået AFP.

– Eit terroråtak

Det var tett med folk og full nyttårsfeiring då gjerningspersonane slo til. Det er uvisst om turistar vart skadde i åtaket. Ingen har førebels teke på seg ansvaret for åtaket.

Politiet slo raskt fast at terroristar står bak.

– Dette kan ikkje vera noko anna enn eit terroråtak. Ein granat er ikkje ein maiskolbe som ein tilfeldig bygdegut kan handtera, uttalar politisjefen til Reuters.

Kysten av Kenya er i hovudsak ein muslimsk region. Dei kvite strendene er ein turistmagnet, men området ber også preg av religiøse motsetnader og ekstremistgrupper.

Kenya har blitt råka av ei rekkje åtak etter at regjeringssoldatar invaderte sørlege delar av nabolandet Somalia i 2011. Målet med invasjonen var å nedkjempa opprørarane i den Al Qaida-tilknytta Al Shabaab-geriljaen.

Laster kart, vennligst vent...

Åtaket skjedde i Dani, sør for Mombasa, på kysten av Kenya.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt