Ein granat eksploderte i utkanten av busetjinga Nitsanit i det nordlege Gaza, medan fleire granatar trefte busetjinga Kfar Darom lenger sør. Den israelske hæren svarte på angrepa med å skyte tilbake, blir det opplyst.
Sist søndag ga den palestinske presi- denten Yasir Arafat ordre om stans i granatskytinga mot jødiske busetjingar.
Israel ga i dag løyve til at væpna palestinske politifolk fritt kan reise mellom den nordlege og sørlege delen av Gaza-stripa. Ein palestinsk tenestemann seier at det er første gong på over fire månader at Israel har gitt løyve til slik reiseverksemd.
Dette skjedde etter eit møte mellom palestinske og israelske tryggingsoffiserar, som vart halde nær grenseovergangen Kissufim mellom Gazastripa og Israel.
Israel skal ha opna ein veg som går parallelt med hovudvegen gjennom Gaza for palestinske politistyrkar. Hovudvegen gjennom Gaza, Salaheddin-vegen, er framleis stengt for palestinske politifolk, opplyser den palestinske temestemannen.