Væpna og maskerte menn skaut den hardt skadde fangen inne på sjukehuset. (Foto: AP/Scanpix)
Fengselsvakta, ein palestinsk politimann, kasta granaten inn i ei celle med sju innsette, alle mistenkte for å ha samarbeidd med den israelske tryggingstenesta. Alle sju vart skadde i angrepet, og ein av dei vart altså skoten og drepen på eit sjukehus eit par timar etter.
Ein annan av fangane døydde i ettermiddag av skadane han fekk i granatangrepet.
Ei gruppe væpna og maskerte menn storma sjukehuset, og skaut den hardt skadde fangen i hovudet og i brystet med fleire skot.
Tre drepne
På den nordlege Gazastripa vart tre militante palestinarar skotne og drepne av israelske styrkar nær den israelske busetjinga Elai Sinai. Dei tre var truleg i ferd med å gjennomføre eit angrep på busetjinga. To av dei tilhøyrde Al Aqsa-brigadane og den tredje tilhøyrde Islamsk heilag krig, Jihad.
Begge organisasjonane har sendt ut ei melding om at tre av deira medlemer er opphøgde til martyrar.
Dei siste valdshandlingane kjem kort tid etter at den tidlegare tryggingssjefen for Gazastripa, Mohammed Dahlan, sende si hittil klaraste åvaring til president Yasir Arafat om meir uro, om ikkje han slår ned på korrupsjonskulturen som herjar i dei palestinske områda.
Maktkamp
- Det er på høg tid at Yasir Arafat straffar dei korrupte, sa han til den arabiske fjernsynskanalen Al Arabiya i går.
Uroa i dei palestinske områda er den mest alvorlege utfordringa for president Yasir Arafat sidan han kom tilbake til dei palestinske områda for vel 10 år sidan.
Det har vore bortføringar, uro i gatene og skotvekslingar mellom militante grupper og den palestinske politistyrkar.
Observatørar i Midtausten ser på uroa i dei palestinske områda som ein maktkamp mellom det gamle maktapparatet til Yasir Arafat, og nye leiarar som vil posisjonere seg før Israel trekkjer seg ut av Gazastripa.