Hopp til innhold

Gøymde seg for terroristane: Funne i live etter ei natt på museet

I rein frykt for terroristane gøymde to spanske turistar seg inne på Bardomuseet i Tunis gjennom heile natta, og vart først funne i dag tidleg.

Tunisia Attack

Tryggingspersonell var raskt på plassen og drap dei to gjerningsmennene i går. I dag, nesten eit døgn etter dramaet starta vart eit spansk ektepar funne i live inne på museet.

Foto: Ali Ben Salah / Ap

Ein tilsett ved museet hadde gøymd seg saman med eit spansk ektepar i eit kontor då terroraksjonen starta. Der var dei framleis då museumstilsette fann dei dagen etterpå.

Gravid i fjerde månad

Ekteparet Juan Carlos Sánchez og Cristina Rubio ventar barn, og Rubio er gravid i fjerde månad. No er dei to, og den tunisiske museumstilsette sende til sjukehus for helsesjekk.

Dei to var lenge sakna etter terrorhendinga, men den gode nyheita om at dei framleis var i live kom i dag tidleg då dei vart funne.

Dødstalet har stige

Så langt er 22 personar stadfesta døde etter terrorangrepet. 20 av dei er utanlandske turistar. Gjerningsmennene gjekk til angrep på turistbussar utanfor museet, før dei haldt fram inne i hotellet.

Offera er frå mellom anna Japan, Frankrike, Storbritannia, Belgia, Tyskland, Polen, Sør-Afrika, India og Italia.

Styresmaktene jaktar fleire personar som kan ha hjelpt til under terroraksjonen. I tunisiske medium vert det spekulert i om angrepet er hemn for at ein islamistleiar vart drepen i nabolandet Libya i helga.

Museet skal opnast att allereie innan tysdag, seier tunisiske styresmakter, som i går erklærte krig mot terror i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt