Hopp til innhold

Göteborg-eksplosjon kan vere hemnaksjon i kriminelt miljø

Ein gut i åtteårsalderen miste livet i ein eksplosjon i eit husvære i bydelen Biskopsgården i Göteborg i natt. Årsaka til eksplosjonen er ikkje kjend, men politiet seier det kan vere snakk om ein hemnaksjon.

Eksplosjon i Göteborg.

Politifolk på plenen utanfor husværet som vart ramma av ein eksplosjon i natt.

Foto: Björn Larsson Rosvall/TT / NTB scanpix

Husværet ligg i ei bustadblokk i Dimvädersgatan. Det var fleire personar til stades i husværet, truleg to eller tre, opplyser politiet til SVT. Ifølgje Expressen bor det ein person i husværet som er dømd for eit brutalt dobbeltdrap på Vår krog og bar i same området i 2015.

Dommen i denne saka fall for tre veker sidan. Dobbeltdrapet var del av eit oppgjer mellom to kriminelle grupper i den svenske storbyen.

Det var klokka 03.15 i natt at naudetatane fekk melding om eksplosjonen. Den første politipatruljen som kom til staden berga ut den alvorleg skadde åtteåringen, men han døydde seinare av skadane på sjukehus.

– Gjerningsmennene filma dobbeltdrapet

Bombegruppa

Politiet har sperra av staden for tekniske undersøkingar, og bombegruppa er også på staden, først og fremst for å sjekke at det ikkje er fare for fleire eksplosjonar.

Eksplosjon i Göteborg.

Eksplosjonen ramma eit husvære i ei lågblokk i Dimvädersgatan i bydelen Biskopsgården i Göteborg i natt.

Foto: Björn Larsson Rosvall/TT / NTB scanpix

I utgangspunktet blir saka etterforska som drap, opplyser politiet. Talskvinne for politiet, Ulla Brehm, seier til SVT Nyheter Väst at dei jobbar opp mot eit spesielt kriminelt miljø.

Hennar kollega Hans Lippens seier at dei etterforskar teorien om at eksplosjonen er ein hemnaksjon for dobbeltdrapet i 2015 på lik line med andre teoriar.

Det er gjort store skadar på husværet der eksplosjonen skjedde og ute i gangen, men ingen av dei andre som budde i husværet har fått alvorlege fysiske skadar. Dei er likevel sterkt sjokkskadde.

Kraftig eksplosjon

Eksplosjonen skal ha vore svært kraftig. Eit vitne som Göteborgs-Posten har snakka med seier at det var ein handgranat som eksploderte, men dette er ikkje stadfesta av politiet.

– Sengene våre rista av eksplosjonen, og vi fekk panikk, seier ein av naboane.

Göteborg har dei siste åra vore prega av krig mellom to kriminelle grupperingar. Det har vore både skyting og eksplosjonar, og fleire menneske er drepne. Naboar fortel til SVT at det bur fleire born i husværet som vart ramma av eksplosjonen i natt.

No fryktar dei kva som blir det neste i området Biskopsgården i Hisingen.

Saka blir oppdatert

Video fra Gøteborg.

VIDEO: Omkom i eksplosjon

– Statsminister, hvor lenge skal dette pågå?!

dimvadersgatan gøteborg

SISTE NYTT

Siste nytt