
Charles Taylor er ettersøkt for krigsbrotsverk i Sierra Leone.
President Taylor takka ja til tilbodet frå den nigerianske presidenten, Olusegun Obasanjo, som i dag besøkte det krigsherja Liberia. Det skriv telegrambyrået Reuters.
USA har kravd at president Taylor trekkjer seg frå stillinga. Taylor, som er ettersøkt for krigsbrotsverk i Sierra Leone, sa fredag at han var villig til å gå av, men kravde at det først måtte stasjonerast ut utanlandske styrkar i Liberia.
- Det er vel ikkje urimeleg å be om at eg gjev frå meg makta på ein skikkeleg måte, sa Taylor i dag.
Ikkje plaga
President Obasanjo seier at han ikkje ønskjer å bli plaga fordi han har tilbode Taylor eksil.
- Vilkåret er at ingen plagar verken Nigeria eller meg for å ha invitert Taylor til Nigeria, sa Obasanjo.

Dei siste åra har det rasa ein svært blodig borgarkrig i Liberia.
USA er frå fleire hald oppmoda til å sende fredsstyrkar til landet, som i si tid blei etablert av frigjevne amerikanske slavar.
Men president George W. Bush har sagt at inga avgjerd blir teken før Taylor har gått av.
Borgarkrig
Dei siste åra har det rasa ein svært blodig borgarkrig i Liberia. Opprørsstyrkane står no utanfor hovudstaden Monrovia, og det er innført våpenkvile for å verne fleire hundre tusen innbyggjarar og flyktningar i og ved hovudstaden.
I tillegg har det brote ut kolera i landet.
Taylor er ettersøkt for brotsverk mot menneskeætta i nabolandet Sierra Leone. Derfor har han ikkje våga å reise ut av Liberia før han fekk garantiar om fritt leide og asyl.