Den arabiske liga sa måndag kveld etter samtalar at nasjonalkoalisjonen i Syria er den «legitime representanten og viktigaste samtalepartnar for Den arabiske liga».
Den arabiske liga oppfordrar også andre opposisjonsgrupper til å slutte seg til.
- LES OGSÅ:
Syriske opposisjonsgrupper gjekk inn i ein avtale i hovudstaden i Qatar, Doha, søndag. Dette for å opprette ein ny, brei koalisjon for å styrte president Bashar al-Assad.
Distanserer seg frå al-Assad
Erklæringa frå Den arabiske liga betyr at store delar av arabarverda no støttar opposisjonen og distanserer seg openlyst frå president Bashar al-Assad sitt regime.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
GCC erklærer at det anerkjenner Syria sin nasjonalkoalisjon som den legitime representante for det broderlege syriske folk, sa Abdulatif al-Zauani, generalsekretær i GCC.
GCC er ein politisk og økonomisk samarbeidsorganisasjon av dei arabiske statane som ligg på Den arabiske halvøy: Bahrain, Kuwait, Omoan, Qatar, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emiratar. Organisasjonen blei oppretta i 1981.
Hizbollah-militsen rasar
Den libanesiske Hizbollah-militsen seier derimot skarpt nei til den nye koalisjonen. Hizbollah er ein sentral alliert av president Assad.
Dei møttest i Doha, låste seg inne på eit hotell for å danne ei ny gruppe og gjorde som Clinton og Amerika ville, uttalte leiaren i Hizbollah, Hassan Nasrallah, via video på ein seremoni i Beirut måndag.
Han skulda også opposisjonsgruppa for å tene Israel og «visse regionale partar».