Hopp til innhold

Ukraina går inn for avgrensa sjølvstyre i aust

Den ukrainske nasjonalforsamlinga har godkjent eit forslag som gir avgrensa sjølvstyre til dei separatiststyrte områda aust i landet.

UKRAINE-RUSSIA-CRISIS-POLITICS-PARLIAMENT

Vladimir Putin med ei prinsessekrone på hovudet pryda plakaten som demonstrantar haldt opp framfor det ukrainske parlamentet i Kiev i august. I dag gjekk eit fleirtal i parlamentet inn for auka sjølvstyre til dei prorussiske separatistane i aust, som styresmaktene har kjempa mot i fleire månader.

Foto: SERGEI SUPINSKY / Afp

Nasjonalforsamlinga har også godkjent eit amnesti til folk som har kjempa på begge sider i konflikten. Russisk språk skal også få offisiell status, og det skal arrangerast eigne lokalval i dei opprørskontrollerte områda.

– Mange ukrainarar meiner ein no går veldig langt i å møte separatistane sine krav. Loven om amnesti er omfattande når ein veit kva som har skjedd på begge sider av konflikten. Det er eit relativt omfattande vedtak som no har gått gjennom i parlamentet, seier NRKs Moskvakorrespondent Morten Jentoft.

– Russland presser kanskje på

Forslaga er ledd i ein fredsplan mellom dei prorussiske separatistane og styresmaktene i Kiev. I tillegg har ukrainske styresmakter føreslått å halde lokalval i regionane Donetsk og Luhansk 7. desember.

Morten Jentoft meiner leiarane for separatistane har fått ein annan tone den siste tida, og at dei er meir føyelege enn før.

– Det kan tenkast at russiske styresmakter no ligg bak og presser på, for at separatistane skal godta dei krava som kjem frå Kiev, seier Jentoft.

Fredsplanen inkluderte også ei våpenkvile, men denne er broten fleire gonger. Tysdag la FN fram nye tal som viser at nærmare 3.200 menneske er drepne i Aust-Ukraina sidan kampane mellom separatistane og ukrainske styrkar begynte i april.

Ny samarbeidsavtale med EU

I dag vart det også fleirtal for at Ukraina skal inngå ein samarbeidsavtale med EU. Den same avtalen fekk også eit klart ja frå eit fleirtal av representantane i EU-parlamentet i Strasbourg, som hadde møte med det ukrainske parlamentet gjennom direkte videooverføring.

Avtalen skal vere lik den avtalen som førre president i Ukraina, Viktor Janukovitsj, avslo då han i november plutseleg bestemte seg for å ikkje signere likevel. Janukovitsj si handling førte til opprør i Ukraina, og seinare vart Janukovitsj kasta som president i landet, og det vart gjennomført nytt val.

Avtalen skal vere av både politisk og økonomisk karakter, og skal mellom anna omhandle frihandel mellom dei to partane. Den har ikkje blitt særleg mykje omtalt av dei to partane på grunn av den betente situasjonen aust i landet, og frihandelsdelen av avtalen vil ikkje trø i kraft før 2016.

President Petro Porosjenko omtalte signeringa av avtalen som eit skritt mot Ukrainsk medlemskap i EU. Med EU-parlamentets president, Martin Schulz, meinte at avtalen var eit bevis på eit fritt demokrati med rett til å kunne bestemme over seg sjølv.